Skulesaka, kommunen og politikkens rolle

BØR VERE TAKKSAME: På alle sine vegner, ikkje minst ungane og foreldre, bør vi vere takksame for at Fylkesmannen ser floraskulen korta, slik dei har gjort i vår, skriv ordførar Ola Teigen i dette innlegget.

BØR VERE TAKKSAME: På alle sine vegner, ikkje minst ungane og foreldre, bør vi vere takksame for at Fylkesmannen ser floraskulen korta, slik dei har gjort i vår, skriv ordførar Ola Teigen i dette innlegget. Foto:

Av
DEL

Debatt:Saka ved Florø barneskole har vore lang og vanskeleg for mange. Det er lett å forstå at foreldre har opplevd tida tung, foreldre som vil det beste for sine barn, har opplevd tillitskrise i møte med kommunen. Men og for læraren og vedkomande sin familie vil eg forestille meg dette har vore ei belastning. Saka hor og i høgste grad vore krevjande for kommunen, både administrativt og politisk, men det er ei sak som må finne ein utgang. Rett før ferien fann vi ei løysing og no bør vi alle anstrenge oss for å komme vidare til det beste for alle.

Saka ved skulen har to sider.
Det eine er den spesielle saka som omhandla ein konkret tilsett ved skulen og det andre er det generelle tilsynet Fylkesmannen utfører ved skulen.

Den første saka har pågått over mange år og er løyst rett før vi tok sommarferie. Eg meiner kommunen har funne ei god løysing. Den tilsette har fått nytt arbeid som gjer at vi kan gå vidare. Foreldre som har hatt ynskje om å ta opp saker direkte med kommunen, har på nytt fått høve til dette i vår. Innspel er teke imot, fulgt opp eller sjekka ut og tilslutt konkludert.

Den andre saka er det generelle tilsynet Fylkesmannen har utført ved skulen. Fylkesmannen sitt tilsyn handlar ikkje om ei enkeltsak, men om skulen jobbar innanfor dei krava opplæringslova pålegg oss. Det er den siste lovendringa som kom i 2017 som skulen vert målt etter.

Politikarane si rolle er særleg knytt til det siste. Vi skal sjå til at skulane våre oppfyller og lev etter dei lovkrava som vert stilt. Dette har også politikarane gripe fatt i. Administrasjonsutvalet har diskutert om dei skulle følgje opp saka ved barneskulen. Dei konkluderte med at dei ikkje var rett organ. Levekårsutvalet har og sett på sak. Seinare har formannskapet diskutert saka. Vi meinte det var rett med ei politisk oppfølging, men konklusjonen var at det er kontrollutvalet som skal følgje opp saka. Der ligg saka no. Planen er at den står på saklista i første møte i kontrollutvalet i byrjinga av september.

Enkeltsaka om den tilsette ved skulen er ei personalsak. Alle personalsaker, med unntak av rådmannen sitt arbeidsforhold, har Bystyret delegert til rådmannen. Det er verken Bystyret eller ordførar som handterer enkelttilsette si utøving av arbeidet ein utfører for kommunen. I så måte er eg glad for at politikarane, så langt eg har registrert, har unngått å diskutere enkelttilsette i sosiale medier og kommentarfelt elles.

Men sjølv om verken eg elle andre politikarar er aktive i diskusjonar om den tilsette ved Florø Barneskole, ja så betyr det ikkje at vi ikkje bryr oss. Som nemnt så har saka vore oppe til diskusjon i ulike utval. Bystyret har også hatt ein diskusjon om korleis kommunen handterer varslarsaker. Som folkevalde har vi og ei rolle som ombudsmenn for innbyggjarane våre. Den rolla vil ofte vere knytt til enkeltsaker.


Eg trur aldri vi får ein skule eller ein kommune som vil vere feilfri, men vi må få til eit regime kor vi kan løyse saker og gå vidare.

Ola Teigen, ordførar i Flora kommune


 

Min rolle som ordførar er ofte nettopp å følgje opp enkeltsaker, saker som ligg til rådmannen og hans stab eller for så vidt andre offentlege etatar. Det kan vere å sende folk vidare til rette instans, arrangere møte mellom innbyggar og administrasjon, følgje opp konkrete meldingar og melde tilbake eller motta meldingar og orientere meg om kva som vert gjort i saka.

Når det gjeld den konkrete saka ved barneskulen så er eg og har eg vore orientert undervegs. Mi rolle har vore å forsikre meg om at rådmannen følger opp saka ved barneskolen i tråd med det vi kan forvente. Mi rolle er ikkje å fortelje korleis rådmannen skal gjere jobben sin, det ligg ikkje i mine fullmakter. Det må eventuelt Bystyret gjere. I nokre saker som denne, har det og vore viktig at eg utfordrar rådmannen løpande på at informasjonsbehovet strekker seg utover mitt kontor og at vi dermed har langt til rette for å orientere i politiske utval. Rådmannen har stilt seg til disposisjon kvar gong eg har bede om det. Og aller viktigast så har det vore viktig å vite at involverte blir følgt opp på ein god måte. Det gjeld både foreldre og elevar, men og den tilsette.

Eg har fått svært mange henvendingar i saka ved barneskulen. Foreldre, tilsette, mannen i gata, politikarar og utanforståande har ringt, snakka til meg, sendt meldingar og mange har kommentert saka på facebook og kommentarfelt. Generelt opplev eg at mange har sterke meiningar og engasjementet er stort. Mange har godt kjennskap til saka, men eg opplev nok at mange og ikkje kjenner alle sidene ei sak ofte har, denne inkludert. Difor er saker som omhandlar enkelmenneske og der kor mange vil ha teieplikt, vere saker som ofte ikkje egnar seg for diskusjonar i aviser i sosiale medier, eller i opne politiske møter. Det vil og vere uheldig om politikarar undervegs skal offentleg kommentere teiepliktige saker rådmannen arbeider med.

Då mange trudde saka ved Barneskulen hadde roa seg kom lesarinnlegget til nokre anonyme lærarar. Eg må seie eg vart skuffa over at saka, etter ho hadde funne si løysing, nok ein gong kom til offentleg diskusjon i ei form som neppe ville sette ein sluttstrek for vidare diskusjon.  Men eit moment har eg stor forståing for blir drøfta, og det at mange tilsette i skulen er usikre på sin eigen rettstryggleik, særleg etter den såkalla paragraf 9.5-a kor det er barnet si subjektive oppleving av ei hending som skal vektleggast. Vi har mange fantastisk flinke lærarar som både kan sitt fag og er utstyrt med naudsynt kompetanse på det å vere ein god omsorgsperson for elevar ved skulen. Fleire har uttrykt uro for om risikerer tilsynssak om ein grip inn på vanleg måte for å beskytte elevar frå andre elevar. I ei slik sak vi har hatt ved Florø barneskole er det viktig at kommunen også balanserer omsynet til arbeidsgjevarrolla. Med et meiner eg at vi som arbeidsgjevar er tydeleg på korleis eit reglement skal tolkast for at arbeidstakar skal vere trygg i jobben sin. Det er og viktig at også foreldra opplever at kommunen har klare retningsliner og forståing for korleis vi handterer konflikter i Floraskulen. I så måte skal vi vere glade for at nettopp Fylkesmannen fører tilsyn med oss. Det gjer oss i stand til å reflektere over praksis og forbetre rutinene våre.

Skulen vår skal vere ein trygg og god stad for våre barn.
Den skal vere ein god arbeidsplass for lærarar. Frå politisk vil vi ha ein skule som er arena for læring og danning. Eg trur aldri vi får ein skule eller ein kommune som vil vere feilfri, men vi må få til eit regime kor vi kan løyse saker og gå vidare. Eg håpar vi er der no, det meiner eg alle er tente med.

Eg trur aldri vi får ein skule eller ein kommune som vil vere feilfri, men vi må få til eit regime kor vi kan løyse saker og gå vidare.

Ola Teigen, ordførar i Flora kommune
Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags