Oppvekstutvalet: - Full gass på Skram skule

JA TIL MODERNISERING ELLER NYBYGGING: Kinn sitt oppvekstutval vil ha ny Skram skule innan 1. januar 2023.

JA TIL MODERNISERING ELLER NYBYGGING: Kinn sitt oppvekstutval vil ha ny Skram skule innan 1. januar 2023. Foto:

MÅLØY: Kinn kommune sitt oppvekst- og kulturutval går samrøystes inn for å ruste opp sentrumsskulen Skram skule i Måløy.

DEL

Det går fram av ei oppsummering av utvalsmøtet, som fann stad i Måløy onsdag. Eit samrøystes oppvekstutval har fatta dette vedtaket om Skram skule si framtid:

1. Kinn kommune sin skulebruksplan skal og ta opp i seg Vågsøy og Flora kommunar sine arbeid og utgreiingar av ganske ny dato. Ein ønsker derfor ei ganske rask handsaming, med adm. utgreiing innan 1. april og sluttvedtak i kommunestyret innan 1. juli.

2. Kinn kommune opnar for bruk av modulbygg på Tennebø, i byggetida medan Skram skule blir renovert eller nybygd.

3. Ein ber rådmannen fremje forslag til konkret framdriftsplan for renovering eller nybygg for barneskule i Måløy sentrum som innebærer drift i ordinært bygg innan 1. januar 2023.

.4. Arbeid med forprosjektering av Skram skule blir sett i gang snarast og evt. parallelt med skulebruksplan

5. Ein ber rådmannen orientere om framdrift, utgreiing og tilstand ved Skram skule ved kvart kommande møte i oppvekst- og kulturutvalet.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken