Gå til sidens hovedinnhold

Kuvending om Kolset skule

Artikkelen er over 6 år gammel

Formannskapet i Bremanger snudde administrasjonen i saka.

Flyttinga av elevane i mellomsteget ved Kollset skule til Davik, er ei vanskeleg sak for Bremanger-poliitkarane.

Formannskapet behandla saka i to og ein halv time torsdag, og det enda med at politikarane gjorde om administrasjonen sitt vedtak om flytting av Kolset-elevane til Davik.

- Vi var veldig usikre på utfallet. Vi fryktar at denne flyttinga av elevar kunne bli starten på slutten for Kolset skule, sa FAU-leiar Asle Skaar før døra til formannskapssalen opna seg i 11-tida.

Då restultatet vart kjent var det både smil og gledestårer for dei oppmøtte frå Kolset.

Formannskapet gjorde dette vedtaket:

  1. Formannskapet opphevar administrasjonen sitt vedtak om flytting av elevar frå Kolset skule.
  2. Adminiistrasjonen må jobbe med rekruttering og eventuelt omdisponering av personell.
  3. Administrasjonen må halde fram med dialogen i prosjektet kring Kolset skule.

Det var eit einstemig vedtak.

Kommentarer til denne saken