Sogn og Fjordane har vore sjølve utstillingsvindauget for smådrifter her i landet. Kvifor kan ikkje suksessoga få halda fram? I staden vert det i løpet av berre éin stortingsperiode gjort vedtak som kraftig kan deformera fylket. Kvifor avvikla ei regional eining som støtt kjem best ut på statistikkane? Samstundes ligg det an til ei destruktiv omdandering av kommunekartet etter alt frå manglande innbyggarinvolvering via bruk av tvilsame gulrøter, skremselspropaganda og tvang til det som grensar til rein galskap.

På nyåret i fjor nytta kommunalminister Sanner sitt inntil då simplaste knep for å pressa gjennom prestisjeprosjektet sitt. Trass tidlegare lovnader om at ingen skulle tapa på å seia nei, dreiv ei svart sky over landet i form av nytt inntektssystem. Kommunar tok til å virra rundt for å finna seg ein partnar snøggast råd, ellers vart det sveltihel. Tryggleiken som ligg i INGAR, inntektsgarantien, heldt ministeren & Co. klokelig kjeft om. I indre Sunnfjord kom folkerøystingane innan den verste panikken hadde lagt seg og før regjeringa sitt forlik med Venstre gjorde at sjøl dei verst råka fekk straffa halvert. No veit vi også at det distriktsfiendlege framlegget vil verta reversert ved eit regjeringsskifte. Dei særs knappe Ja-fleirtala i Gaular og Jølster hadde nok difor tippa andre vegen om folket hadde røysta berre stutt tid seinare.

Hornindal med si spesielle historie burde ha vore freda allereie i utgangspunktet. Etter 12 år som lite nøgd lillebror kom dei seg i 1977 or tvangsekteskapet med Stryn. Med Høgre-ordføraren i spissen har no fleirtalet i kommunestyret i staden synt ein hårreisande arroganse overfor eige folk. Godt over halvparten av dei som gjekk til urnene ved siste val, kravde i ei underskriftskampanje folkerøysting, men vart avvist. Dei fekk nøya seg med ei innbyggjarundersøking som var direkte manipulerande i all sin irellevans. Både sjølvstendealternativet og det som vart vedteken, å gå aleine til Volda, var fråverande.

Eit argument for ein kystkommune er at dei samla skal stå sterkare i kampen mot dei i indre strøk. Det er endå eit prov på korleis også det regionale samarbeidet lider under denne reformpsykosa.

Per Gunnar Stensvaag

Sogn såg ut til å skjera klar av kommunereforma, men det var før "Tvangsgutane" slo til. Medan Friviljugsvedtaket frå 1995 framleis har vore gjeldande, presiserte også sitjande Stortingsfleirtal at alt skulle vera basert på reell frivilje. "Reell" burde jo tyda at korkje økonomisk strupetak eller det som verre er skulle kunne verta nytta for å få fart på sakene. Slik vart det altså likevel, men det var ikkje nok for fusjonsfantastane. Eit knippe Stortingspolitikare frå H, FrP og V skreiv i februar ei liste. Balestrand og Leikanger var av dei som vart råka i fyrste omgang. Ofra verka så vilkårleg utvalde at ei otte for å lida same lagnad breia seg over landet. Den forsterka seg då desse "privatpraktiserande" tingmennene sist i mars plutseleg proklamerte tvang også for 4 kommunar i Troms.

Komitéhandsaminga er knapt komen i gang og voteringa på Løvebakken skal skje fyrst i juni. Likevel er omkvedet "Sett i gang samanslåingsarbeidet fluksens!" Motivet er openbart. Etter eit eventuelt formelt tvangsvedtak er det med sumarferie og valkamp knapt tid til å gjera noko før ei ny regjering vil reversera desse overgrepa mot folkevilja. Det gjeld om å gi gass no for å få bordet til å fanga i sentraliseringa si teneste. Dei som vonleg vert kvitt tvangstrøya til hausten skal ikkje få innbille seg at dei då kan skrota alt arbeidet.

Selje sitt Nei til Vågsøy burde ha vore ei stadfesting av framleis sjølstende. Til å stogga slike fridomstanker har Sanner sine svorne svovelpredikantar. Aldri i moderne tid har Fylkesmennene vorte nytta så aktivt for å pressa gjennom ein politisk idé. Som eit gufs frå det forhatte embedsmannsveldet gjekk det ut bud frå "Amtmannen" at Selje laut vera budd på med tvang å hamna under naboen i sør. Difor vedtok dei heller "friviljug" å kakka seg på lag med Eid. Snøggaste kronglete og lange ferd "innanriks" i denne konstruksjonen går ikkje berre gjennom Vågsøy, men for dei fleste også via Møre og Romsdal.

Flora hadde allereie våren 2016 avslutta sonderingar med naboane i Sunnfjord. Ikkje overraskande ville dei heller vera for seg sjøl enn å verta ein utkant i ein gigant med Førde som sjølvsagt sentrum. Ei samling på kysten ser dei meir ljost på uansett kor lite geografien spelar på lag. Imperialistisk tankegods har vore til god hjelp for Sanner mange plassar, og her er det nok dei som ser seg tent med ein koloni ti mil pluss ei fergereise unna.

I Vågsøy låg nok også tvangsspøkjelset i bakhovudet då det var klart for førebels siste akt i dette absurde teater, men den doble kjøttvekta til Flora fekk folk flest til å syna skepsis til den fjerne friaren i sør. Då kom Sanner i kjent stil på banen og ropa for n'te gang ut siste togavgang. "Stakkars dei som då vert ståande att på perrongen". Om ikkje reformstønad, statlige arbeidsplassar og andre godbitar skulle fyka ut på eit sidespor, laut Vågsøy hiva seg på i fart.

Sanner triumferer over denne hans siste fjør i hatten. For ein statsråd som måler eigen suksess i kor mange kommunar som forsvinn, spelar det inga rolle om dei som vert att ikkje liknar grisen. Nye Kinn er ingen kommune. Det er ein absurditet. Delt kommunesenter? Kor ofte høyrer vi ikkje om kor naudsynt det er å utvida eller bygge nytt rådhus fordi det er så uhøveleg for samhandlinga å ha etatar spreidde rundt i same by? Her skal dei ligga eit hurtigruteanløp frå kvarandre. Mellom dei ligg Bremanger som ikkje kan utelukka at Tvangsgutane kjem på vitjing.

Eit argument for ein kystkommune er at dei samla skal stå sterkare i kampen mot dei i indre strøk. Det er endå eit prov på korleis også det regionale samarbeidet lider under denne reformpsykosa. Alle freistar å posisjonere seg, destruktive krefter kryp fram og bygdestrid raser, for ikkje å snakka om den enorme energi-, penge- og tidstjuv dette er. Fem månader før valet er det på tide at ellers sindige folk i suksessfylket fyller på med is i magen inntil ei ny regjering kan få stogga og reversert all denne re-formeringa som berre fører til de-formering.