Om Fuglane og ein tur på teater? Når tid gjekk du sist?

KOM PÅ TEATER: Kulturhussjef Ingvar Hopland vil ha deg med på teater når Fuglane av Vesaas snart kjem til byen.

KOM PÅ TEATER: Kulturhussjef Ingvar Hopland vil ha deg med på teater når Fuglane av Vesaas snart kjem til byen. Foto:

Av
DEL

MeiningarI Florø er vi heldige. Heldige? Korleis då spør du? Jau no har det vore vårslepp med Florarevyen og i magen klukkar den enno av god latter. Dei som har vore så heldige og  kjøpt seg ein billett til Are Kalvø tar jammen sjanser, av omsyn til magen altså. No trur eg knapt du kan få overdose av latter. Latter er godt og sunt, endorfinane blomstrar og livet blir mykje lengre. Så vi er heldige vi. Men so då? Resten av året?

Å jau dei kjem, busslast på busslast med  kjekke folk som tar over scena på samfunnshuset. Dei kjem med Riksteatret og Sogn og Fjordane Teater. Faste trufaste gjester som gjer at vi ikkje må reise til Bergen eller heilt til Førde for å oppleve teater. Vi kan gjere det heime i Florø.  8 til 10 gonger i året er dei på besøk.

Dei tar over scena, drar trekka opp og ned, stiller inn lys og skaper eit magisk rom der vi som publikum blir invitert til å sjå gjennom den fjerde veggen. Og du og du,  alt vi får sjå av konfliktar, mord, utruskap og opprulling av gamle løyndommar. Ja, mykje lått og løye og.

For det er dette vi likar å sjå. Ein trur vel ikkje at Hotel Cæsar hadde hatt så mange  leveår på tv om ikkje det nettopp var at innhaldet pirka bort i folk sin nysgjerrighet? Ein for sjå at andre får oppleve noko som ein helst ikkje vil oppleve sjølv.

Så går teppe opp for den fjerde veggen og vi sit der spente og forventningsfulle. Skodespelarane stig inn på scena, dei kan alle orda og rørslene  utenat. Dei har øvd så lenge at kvar gong dei seier ein replikk så blir vi sittande i trua på at dette seier dei for fyrste gong. Medspelaren hukar seg fast i stikkordet, kjem med neste replikk og så er dialogen i gong. Det er ikkje film, det skjer her og no, samspelet der dei magiske augneblinka oppstår.

På gymnaset var Fuglane av Tarjei Vesaas ein del av pensum, vi leste høgt frå boka både vel og lenge og diskuterte ho enno lengre om eg ikkje hugsar feil. På godt og vondt så er det ei bok som ein finn har sett spor etter seg, om Mattis og fugletrekket, som ror båt over vatnet og som har syster si til å holde orden i kvardagen. Må vel innrømme at ein som 17 åring ikkje akkurat hoppa i taket av glede når ein skulle få ein dose Vesaas. Men når eg opnar boka i dag så blir eg framleis betatt  av språket til Vesaas, dei gode smakfulle setningane og historia om Mattis blir mykje meir forståelig for ein kar på 66.

Om du har lest boka eller ikkje har du no sjansen til å få Mattis sin historie spela ut gjennom denne fjerde veggen når Riksteatret kjem si utgåve av Fuglane fredag 22. mars.

Florarevyen er viktig for byen, skapar trivsel og glede og det er viktig at vi hegner om den og gjer den gode levekår. Men det er og viktig å gje dei omreisande i teater sjansen til å vise kva dei er gode for. Enten det gjeld Ibsen, Vesaas eller Shakespeare. Sistnevnte kjem hit heilt frå Førde med Sogn og Fjordane Teater, Translyria, der ein har henta godbitar frå Shakespeare og sett det saman til ei eksplosiv smaksoppleving både i ord og fagre kostymer.

Gje deg sjølv eit pusterom i kvardagen, ta deg ein tur på teater på Flora Samfunnshus.

Veit du at på Shakespeare's tid fekk ikkje skodespelarane utdelt heile manus, dei fekk berre eit par linjer av det medspelaren skulle sei før dei skulle inn og sei sin replikk. Då gjaldt det og følge med. Men først er det tid for Fuglane. Det er vår i lufta og du er kanskje litt yr? Har du sett fugletrekk i det siste?

Send inn tekst og bilete «

Gjer aktiviteten i ditt lag, di bedrift eller organisasjon synleg i lokalavisa!

Artikkeltags