Stimen inviterer til fest

Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Laurdag 28. oktober feirer Stimen OBOS-sesongen som no går mot slutten.

DEL

InnsendtDet vert stor feiring i Florø sentrum, med konkurransar, quiz, show, konsert og mykje meir. Og alt skjer i festivalteltet som blir sett opp i Torggata. 

På dagtid deltar Hove- og Aasebrørne når Florameisterskapet i triksing vert halde for første gong i historia. I tillegg skal det gjennomførast Florameisterskap i jodling, ei heller sjeldan utøvingsgrein på våre kantar. Her skal deriblant Halvard H. Lunde delta, og det er mogleg for dei som vil å melde seg på. 
 

Prøv straffeskyting på Frenderup

For dei minste blir det mogleg å prøve straffeskyting på «the danish dynamite» Niklas Frenderup, og ikkje minst blir det supportersongar med Jan Kjetil Klubben som står på scena.

Dei som ønsker det kan også få kjøpt fotballkorta som er laga av Florø-spelarane.

Kim frå Kysten Bar og Restaurant skal syte for at ingen skal vere tørste eller svoltne under arrangementet.

Arrangementet på dagtid er gratis, og er eit samarbeid mellom Byen vår Florø, Stimen og Kysten Bar og Restaurant.

På kvelden vert det meir moro for dei vaksne når Jon Håvard Strømsnes skal teste kunnskapen med dei enklaste og vanskelegaste spørsmåla frå quizboka. Det blir som alltid ein lettbeint underhaldningsquiz!

Heia fotball!

Frå Trondheim kjem Tete Lidbom og Sven B. Sundet frå radioprogrammet Heia Fotball, dei skal heidre Florø med spesialshow og frå deriblant besøk av Terje Rognsø på scena. Her blir det mogleg for publikum å stille spørsmål, og det vert ulike kåringar i regi av P3-gutane.

Det blir ingen fest utan musikk, og difor kjem ingen andre enn dei som kan skape den beste feststemninga – Skjeggi.

Klubben & Co har fri frå båten og tek med seg kollega Maria Underdal frå Valdres til festen. Med andre ord ligg alt til rette for ein festleg kveld før Florø møter Strømmen til årets siste heimekamp søndag kl. 12.00.

Send inn tekst og bilete «

Gjer aktiviteten i ditt lag, di bedrift eller organisasjon synleg i lokalavisa!

Artikkeltags