Rutestopp i Litle Høydal
Bjarte Steinhovden

Korleis var det å reise med Høydalsfjordruta anno 1964? Det fekk grendaskuleelevane oppleve.

Av
Publisert

Vårdagen er vakker og på kaia i Sandvik ventar 26 born frå Steinhovden skule spente på M/S Atløy som skal ta dei med på Høydalsfjordruta anno 1964. Elevar frå Stavang skule og Solheim skule har også mønstra på for å delta i levande historieundervisning ombord i den gamle fjordabåten.

Han er i kjende farvatn, Ludvik Grytten som losar båten saman med kaptein Olav Alrek, maskinist Leif Kvalvik og mannskapet på Atløy. Ludvik har fartstid heilt tilbake til tida då Sendingen II og Florøy sørga for all transport i dei veglause bygdene i Høydalsfjorden.  Ombord er også dei lokale historieforteljarane Oddvar Karlsen,  Arne Steinhovden, Geir Ståle Hatleset og Almar Underlid som fortel om livet på 1960-talet etter kvart som Atløy tøffar forbi dei gamle stoppestadene.

Frå høgtalaranlegget i styrehuset får borna høyre om levering av sand frå den langgrunne fjæra i Sandvik. Dei høyrer om små gardar med eit mangfald av dyr, fiskeri, posthus, skular, tønnestavproduksjon, og andre verksemder som gav kjærkomne inntekter til folket rundt fjorden. Dei høyrer historier om det som skjedde i tida og dei får vite om grender med eit folketal  som var det dobbelte av i dag. 

Og medan Håsteinen og Høydalsfjorden kviler i den strålande sola, sit elevane på dekk og noterer både det dei ser og høyrer. For når dei kjem attende til skulen skal dei nemleg jobbe vidare med det dei har lært gjennom det tverrfaglege prosjektet “Heimbygda mi”.

(Artikkelen held fram under bildeserien).

Atløy fløyter tre gonger før båten legg kursen mot Holmesund. Der ligg butikken til handelsmannen Karsten Olsen som til og med hadde ei eiga avdeling for dekketøy - og sagbruket han bygde opp då han var heldig og vann i tipping.  Båten passerer Steinhovden og på Steinvik kjem Inge Helge Vassbotn og Frode Valberg roande med mjølkespann som skal vere med til meieriet i Florø.  Etterpå går reisa vidare til Hopen der folk i god gamal tradisjon har møtt opp på kaia for å ta i mot Atløy. 

I byssa går vaffeljernet for full maskin medan Atløy går vidare inn mellom dei bratte fjella i Osstrupen, tilbake til Store Høydal og deretter til den gamle fylkesbåtkaia i Litle Høydal. Her er Brit Sofi Terøy møtt opp med ein hest som skal med til Florø, men heldigvis for den vesle ponnien er det berre eit spel for galleriet i dag. Til gjengjeld dreg Olaug Alvheim opp til allsong med kjende tonar frå sekstitalet, før Atløy legg kursen mot Ausevik og Stavang.

Ved kaia i Stavang dukkar det opp eit splintefølgje som vil selje smykke til passasjerane, men det viser seg snart at det er born og tilsette frå Stavang skule som overraskar med besøk.

Så er reisa snart over, og både store og små har fått eit glimt av livet ved Høydalsfjorden slik det var ved førre kommunesamanslåing.  Vi takkar Helge Terøy, mannskapet på Atløy og Steinvik Fiskefarm for denne utruleg fantastiske og lærerike reisa vi var så heldige å få vere med på!

Artikkeltags