Steinhovden sin skuleavslutning var litt annleis i år

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

I år vart det ei litt annleis juleavslutning ved Steinhovden skule og barnehage.

Dei som måtte ha vore innom skulen no i førjulstida ville ha sett born som var travelt opptekne med å lære å lage dukker av ei som verkeleg kan dette, nemleg kunstaren Charlotte Rintler.

Dukkene skulle dei bruke i ein animasjonsfilm om Juleevangeliet og i vekene før jul laga elevane både Josef og Maria og alle dei andre karakterane som medverka i filmen. Og ikkje berre det – ein tilskodar ville også ha sett elevar i full sving med å lage kulissar, skrive manus til filmen og øve på songane som skulle vere med.

Etter at alt dette var ferdig var det klart til filmopptak, og heldigvis fekk elevane hjelp av Johan Moen til dette møysommelege arbeidet.

Torsdag var det juleavslutning og premiere på filmen på Steinhovden skule der det i tillegg var underhaldning av borna frå skule og barnehage.

Sjølve ideen har sitt utspring i ein workshop ved Stavang skule tidlegare i haust då Charlotte og Johan kom dit for å lære elevane om animasjonsfilm. Workshopen var i  regi av Den Kulturelle Skulesekken som er gull verdt for skulane i distriktet.

Og med denne filmen ynskjer vi alle ei god jul.

Send inn tekst og bilete «

Gjer aktiviteten i ditt lag, di bedrift eller organisasjon synleg i lokalavisa!

Artikkeltags