Sommarleg glede på Askrova

Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Laurdag 10. juni hadde NOSFO (norsk selvhjelp for flyktninger) sin årlege sommarfest. Denne gongen vart det arrangert på Askrova, til glede for både store og små. 

Folka på Askrova hadde lagt godt til rette for 50 stykk som skulle komme på besøk laurdagsmorgonen. Aktivitetane var i båttur med fisking, fjelltur, kajakk, fotball, teiner og volleyball. Ungane leita i fjøyra etter krabber, og hadde alt dei kunne finne opp i store baljer, som var spennande for alle aldersgrupper. I tillegg var vi så heldige å få oppleve pokerrun som kom susande forbi.

På NOSFO si facebookside står det at nokre av deira målsettingar er å etablere sosiale nettverk, hindre utanforskap og skape trivsel i nærmiljøet. Askrova Bygdelag har over ein lengre periode også jobba for å skape sosiale arenaer der alle kan føle seg velkommen og inkludert. Vi er derfor veldig glade for vårt samarbeidd med NOSFO, både med gjennomføring av dette arrangementet og ved barnas dag. Vi såg også at nokre av dei som hadde vore her på barnas dag, valte å komme tilbake på laurdag. Dette synest vi er veldig kjekt! Det må jo tyde at dei har hatt det kjekt her ute, som er vårt mål med alt dette.

Send inn tekst og bilete «

Gjer aktiviteten i ditt lag, di bedrift eller organisasjon synleg i lokalavisa!

Artikkeltags