Sanitetskvinnene står klar med omsorg om vi blir råka av krise

GJESTA MED FØREDRAG: Gustav Landro, stabssjef i Vest politidistrikt, heldt føredrag på Norske Kvinners Sanitetsforening sitt omsorgsberedskapsseminar i Florø nyleg.

GJESTA MED FØREDRAG: Gustav Landro, stabssjef i Vest politidistrikt, heldt føredrag på Norske Kvinners Sanitetsforening sitt omsorgsberedskapsseminar i Florø nyleg. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Tysdag  10. oktober  var meir enn 60 sanitetskvinner frå Sogn og Fjordane samla til Omsorgsberedskapsseminar på Soltua i Florø.

DEL

AproposDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.– Meldingssak frå Norske Kvinners Sanitetsforening sitt seminar i Florø

N.K.S. har omsorgsberedskap over heile landet. Om lag 3000 kvinner er klare til å stille opp med hus, mat og omsorg i tilfelle kriser, ulukker, naturkatastrofer m.m.

I Sogn og Fjordane har vi grupper i 10 av ei 11 kommunene der vi har sanitetsforeningar. I løpet av ein time kan mange av dei 300 sanitetskvinnene i fylket som er med i ei gruppe, vere klare til hjelp.  Vi har forpliktande avtaler med kommunene. Dei veit om oss og veit at vi er å stole på.

Den aller viktigaste oppgåva vår er å vere klar når alarmen går.  Vi kan håpe på at ulukkene ikkje kjem, men vi kan ikkje stole på det.  Vi veit aldri når og kvar krisa kjem.  Difor må vi vere budde!

Ragnhild Bjørlo, Norske Kvinners Sanitetsforening, Sogn og Fjordane

Frå 2005 og 2006 har  N.K.S. samarbeidsavtale med Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap og med Helsedirektoratet. Før jul i 2017 fekk vi  nasjonal avtale med Politidirektoratet.  Til det årlege seminaret vårt  vart det difor i år naturleg å ta kontakt med Vest Politidirektorat om nokon derifrå kunne kome. Vi gjekk høgt på bana og spurde stabsjef Gustav Landro om han kunne kome. Og det ville han.

Han hadde ein imponerande presentasjon der han fortalde om oppbygginga av kriseleiinga/redningsleiinga, om korleis den fungerer og om kvar det er naturleg at sanitetskvinnene kan bidra. Han hadde verkeleg sett seg inn i det arbeidet  kvinnene  i N.K.S.  har gjort og framleis gjer. Han sette  sanitetskvinnene sine ressursar i samanheng med  samfunnet og politiet sine behov.

Gustav Landro fekk på ein  inkluderande og fin måte forklart  oss at vi verkeleg er ei viktig brikke i beredskapsarbeidet,  at vi verkeleg gjer det vi kan for eit tryggare lokalsamfunn. Stabsjef Gustav Landro  tek arbeidet vårt med seg ut til innsatsleiarane og fagleiarane i politiet i Sogn og Fjordane med oppmoding om at dei inviterer N.K.S.  til møte og seminar som dei måtte ha.

Seniorrådgjevar for Omsorgsberedskapen i N.K.S. , May Britt Buhaug orienterte om Omsorgsberedskapen generelt. Kvar står vi i dag og om vegen vidare. Elles kunne ho svare på spørsmål frå deltakarane. Leiaren for Omsorgsberedskapen i fylket orientert om stoda her.

Heldigvis har det ikkje vore aktuelt å kalle oss ut til ulukker i år, men gruppeleiarane har vore kalla inn til møte og øvingar i sin  kommune.  Den aller viktigaste oppgåva vår er å vere klar når alarmen går.  Vi kan håpe på at ulukkene ikkje kjem, men vi kan ikkje stole på det.  Vi veit aldri når og kvar krisa kjem.  Difor må vi vere budde!

Takk til dyktige foredragshaldarar og til alle dykk som møtte opp. Takk til dykk som vil bruke av tida og kreftene dykkar for eit tryggare lokalsamfunn i bygda/byen din.

Send inn tekst og bilete «

Gjer aktiviteten i ditt lag, di bedrift eller organisasjon synleg i lokalavisa!

Artikkeltags