Fekk triveleg skeisedag på «Tjernet»

Foto:

Av
DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Måndag 13. februar var det skeisedag ved porten til Norddalsfjorden. Vi sendte ut melding til alle dei føresette i denne vakre fjord- og dalbygda. «Her vart det stormande jubel!» kom det frå ei av mødrene.

Ingen jubel utan grunn, for elevane storkosa seg ute på isen! Elevane hadde med seg hockey- og kunstskeiser, som fekk prøvd seg mot stålisen. «Kva er det som er så kjekt med dette då?», spurde underteikna tilgjort naiv. «Eg vil heller stå på skeiser enn å spele på iPaden», sa ein av dei yngste gutane. «Det er alltid gøy å stå på skøyter!!» sa ei av jentene.

Ein av fedrane hadde med seg hockeykøller og puckar og etter nokre minutt var det duka for ishockeykamp. Elevane imponerte med hyppige krysstaklingar og målscoringar. Utan at vi visste det hadde klokka stukke av, og brått var det tid for matpause. Elevane hadde med seg rykande kakao og god niste.

Etter maten var det ut att på isen og tid for meir hockey, men også skeisekappløp, «Tikken» og «Istog». No og då kunne vi høyre underlege klunk frå isen.

Til slutt tok vi ei lita oppsummering av dagen. Alle var samde om at vi hadde hatt ein strålande dag på isen.

Send inn tekst og bilete «

Gjer aktiviteten i ditt lag, di bedrift eller organisasjon synleg i lokalavisa!

Artikkeltags