Open dag i Steinvik

Premieutdeling på open dag-2016.

Premieutdeling på open dag-2016. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

InnsendtOPEN DAG på Steinvik Fiskefarm Visningssenter LAURDAG  27. MAI  KL. 11-17.

Du finn oss på Steinvika i Høydalsfjorden, i Flora kommune, ca. 1 mil frå Eikefjord, og midt i mellom Florø og Førde 4 mil i kvar retning.

Vi har eit praktisk visningsanlegg for produksjon av laks og aure, og formidling av havbrukshistorie for publikum.

KOM, SJÅ OG OPPLEV :

Aktivitetar for alle aldrar og einkvar smak. Fisk i mærane, oppdrettsutstillinga, quiz, fiskekonkurranse for born (vi held fiskeutstyret, men ta med redningsvestar for dei minste 0-5 år), veteranbilar, båt-turar, Svanøy Røykeri-stand og Røde Kors, sal av grilla laks m.m. og speaker med høgtalaranlegg. Og sjølvsagt vert dei artige ROGNKJEKSA med, og det vert trekking av premiar som alltid. Andre spennande ting kan også dukka opp.

GRATIS INNGANG OG AKTIVITETAR FOR ALLE !

Følg oss på FB-sida vår : Steinvik, og heimesida vår . www.steinvik.no, avisannonser, plakatar og andre nettstader når det nærmar seg.

VELKOMMEN !

Send inn tekst og bilete «

Gjer aktiviteten i ditt lag, di bedrift eller organisasjon synleg i lokalavisa!

Artikkeltags