No kan du sjå film om naboens kjærleik

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Førde by fyller 20 år. No kan du sjå filmen «Frå Sjøahola til Sjukehuset», med Hans Jacob Reite som konfransier på kjøpet.

DEL

Innsendt stoff:Førde By fyller 20 år i år og Flora Kommunale Kino har invitert filmskaparane med Hans Jacob Reite i spissen til å vise filmen i Flora Samfunnshus.

Dei fortel Førde si historie på ein humoristisk og underhaldande måte – som ein «dokumentar» i vidaste forstand - ei lødig filmforteljing.

Folk i Florø har strøyma til samfunnshuset for å få med seg filmar frå byen på 1960 talet. No har dei sjansen til å sjå korleis nabobyen har utvikla seg over tid.

Førdefilmen har gått for fulle hus i Førde i november og desember. Over 2000 har sett denne «kjærleiksfilmen». Folk i Florø veit kva kjærleik til eigen by vil seie. No kan de få sjå 90 minutt førdekjærleik på breitt lerret.
 

Filmskaparane seier det slik:

- Dette er filmen om det som gjer Førde til Førde. Om Førdehuset, kyrkja og embetsmannsgardane. Om kunsten, Laksen og Torsheimen. Om hotella og handelen. Om Jølstra, jektefarten og dampskipa. Om regionsentret med flyplass under kranene på skipsverftet. Om Bystien, Langebrua og postvegen. Om lyskrysset, sykkelbyen og Sjukehuset med stor S. Om vandrehistoriene som er altfor gode til at vi torer å sjekke fakta. Kort sagt: Om det som gjer Førde til Førde.


 


Send inn tekst og bilete «

Gjer aktiviteten i ditt lag, di bedrift eller organisasjon synleg i lokalavisa!

Artikkeltags