Sanitetskvinnene er uroa for barselomsorga

Anne Marie Strømsøy, leiar i N.K.S. Sogn og Fjordane og ordførar Ola Teigen.

Anne Marie Strømsøy, leiar i N.K.S. Sogn og Fjordane og ordførar Ola Teigen. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Norske Kvinners Sanitetsforening Sogn og Fjordane etterlyser ein samla og gjennomgåande debatt om barselomsorg og om eit forsvarleg tilbod til alle kvinner og barn. Det kom fram under fylkesårsmøtet deira i Florø helga 21. og 22. april. Der var kring 70 kvinner frå heile fylket samla. I tillegg var organisasjonsleiar Elle-Sofie Egeland med.

I uttalen frå N.K.S. Sogn og Fjordane, skriv dei at dei er uroa for at den historiske utviklinga med reduksjon i liggetid, på sikt vil føre til ei dårlegare  barselomsorg for mor og barn. «For 30 år sidan låg kvinnene i gjennomsnitt fem dagar på barselavdelinga, medan liggetida i dag er korta ned til få dagar. I dag blir det planlagt nye sjukehus der mor og barn kan bli utskrivne 6-8 timar etter fødsel.  Konsekvensane av dette kan bli at fleire risikoborn ikkje blir fanga opp, og at kvinner som treng hjelp til amming, ikkje får det. Dette aukar risikoen for fødseldepresjon», skriv sanitetsforeininga og legg til:

«N.K.S. Sogn og Fjordane er uroa over at det er store kommunale skildnader på fødsel- og barseltilbodet.  N.K.S. Sogn og Fjordane krev at redusert liggetid på sjukehus blir kombinert med ei offentleg utredning som kartlegg dagens situasjon, og som tek sikte på å identifisere og tette hol i tenestetilbodet i barselomsorga».

«N.K.S. Sogn og Fjordane er også uroa over jordmormangelen i det norske helsevesenet. Kommune-Norge manglar mellom  600-700 årsverk, og  sjukehusa har store utfordringar med å tilsetje nok jordmødre i ein sektor som er dominert av brøkstillingar.  Ressursmangelen fører til at retningslinjene i svangerskapsomsorga ikkje blir fylgt opp. Berre 20 % av barselkvinner får heimebesøk dei fyrste dagane etter fødsel, og det blir varsla om fleire re-innleggingar av både mor og barn. Norske Kvinners Sanitetsforening Sogn og Fjordane krev at helse-myngighetene prioriterer ei betre jordmordekning.  Små brøkstillingar må bli auka slik at ein sikrar betre rekruttering, og at ein ivaretek og får ei auka kompetanseheving av eksisterande jordmødre».

Send inn tekst og bilete «

Gjer aktiviteten i ditt lag, di bedrift eller organisasjon synleg i lokalavisa!

Artikkeltags