Open Dag på Steinvik fiskefarm i mai

1000 besøkande på Open dag-2017.

1000 besøkande på Open dag-2017. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Debatt OPEN DAG på Steinvik Fiskefarm Visningssenter LAURDAG 12. MAI KL. 11-17.

Du finn oss på Steinvika i Høydalsfjorden, i Flora kommune, ca. 1 mil frå Eikefjord, og midt i mellom Florø og Førde 4 mil i kvar retning.

Vi har eit praktisk visningsanlegg for produksjon av laks og aure, og formidling av havbrukshistorie for publikum.

KOM, SJÅ OG OPPLEV: Aktivitetar for alle aldrar og einkvar smak. Fisk i mærane, oppdrettsutstillinga, quiz, fiskekonkurranse for born (vi held fiskeutstyret, men ta med redningsvestar for dei minste 0-5 år), veteranbilar, båt-turar, Svanøy Røykeri-stand og Røde Kors, sal av grilla laks m.m. og speaker med høgtalaranlegg. Og sjølvsagt vert dei artige ROGNKJEKSA med, og det vert trekking av premiar som alltid. Andre spennande ting dukkar heilt sikkert opp også!

GRATIS INNGANG OG AKTIVITETAR FOR ALLE.

Følg oss på FB-sida vår : Steinvik (sjå bilete frå Open Dag 2017), og heimesida vår: www.steinvik.no, plakatar og andre nettstader når det nærmar seg.

VELKOMMEN!

Send inn tekst og bilete «

Gjer aktiviteten i ditt lag, di bedrift eller organisasjon synleg i lokalavisa!

Artikkeltags