Løftar fram Haarklou frå Grieg-skuggen

SATSAR: Andreas Taklo.

SATSAR: Andreas Taklo. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Via ein eigen Haarklou-festival vil pianisten Andreas L. Taklo løfte fram musikken til Sunnfjord-komponisten.

DEL

Haarklou-festival Andreas Løken Taklo har teke mål av seg til å løfte fram den dyktige musikaren og komponisten Johannes Haarklou, kanskje tidenes mest forbigåtte sunnfjording. Midt i denne månaden blir det arrangert ein Haarklou-festival i Førde.

- Eg lærer veldig mykje når eg jobbar med Johannes Haarklou sin musikk, og eg trur mange vil ha glede av å oppdage denne musikken, seier Andreas Løken Taklo, som nok ikkje har tenkt å la denne festivalen bli ei eingangshending! Det blir fleire festivalar. Andreas har nett avslutta ein master i utøvande musikk, og vil satse på musikken som leveveg til glede for alle oss andre!

Johannes Haarklou er ein av Norges fremste komponistar, utvilsomt ein av dei mest allsidige komponistar som Norge nokon gong har hatt.

Finn Benestad

Haauklou var rotekte sunnfjording. Han vaks opp på ein gard i Haukedalen, og etter lærarutdanninga tok han musikkutdanning, m.a. ved musikkhøgskulen i Leipzig. Det var ein lang veg å få for ein sunnfjordsk bondegut og vitnar om stort pågangsmot. Han komponert delvis samtidig med Edvard Grieg og Johan Svendsen, og det at han hadde slik store musikarar ved sida av seg, gjorde kanskje til at Haarklou kom noko i skuggen og ikkje fekk den plassen han fortener.

Haarklou har ein stor og verdifull musikkproduksjon som blir altfor lite brukt. Denne håpar Taklo at han etter kvart kan få spelt inn meir av. Det er ikkje fordi Haarklou er ein forbigått sunnfjording at Andreas vil dra han fram i lyset, men fordi dette er stor musikk.

– Eg opplever Haarklou som nyskapande, trass i at at det snart er 100 er sidan han døydde, seier Andreas.

SATSAR: Andreas Taklo har fullført sin master i utøvande musikk.

SATSAR: Andreas Taklo har fullført sin master i utøvande musikk. Foto:

– Det er spennande å oppdage ukjent musikk. Eg opplever at han har eit stort spenn i det harrmoniske, og klangen kan av og til minne om filmmusikk!

Andreas har gått på leiting etter musikken, og har m.a. henta fram notar frå Nasjonalbilioteket.

- Eg lærer veldig mykje når eg jobbar med Johannes Haarklou sin musikk, og eg trur mange vil ha glede av å oppdage denne musikken.

Andreas Løken Taklo

Det er knapt nokon norsk komponist som har skrive så mange og varierte store verk. Finn Benestad, som er sitert ovanfor, er ein svært velrenomert musikkforskar, og han rangerer Haarklou svært høgt. Haarklou er vel ein av dei få norske komponistane som har skrive eit oriatorie, og det er eitt av dei verka som han er mest kjend for. Teksten er skriven av Henrik Wergeland: "Skabelsen og mennesket". Hans skreiv 5 operaer, ein av dei vart framført i konsertversjon på Eid-operaen. Han har skrive fleire symfoniar og pianostykke, og korverka hans er kanskje dei mest brukte. Andreas er særleg glad i pianokonserten han har funne, og der han fekk framføre 2. satsen saman med KORK på Gloppen musikkfest!

Han ønsker å gå å vidare med dette verket, og  saman med eit strykeensemble med dyktige musikarar i fylket, skal han framføre denne 2. satsen frå Haarklou sin pianokonsert på festivalen. Han og ein anna dyktig ung musikar frå fylket, Miriam Bergseth skal framføre ein filonisonate. Nora Oleanne Sårheim,  Flora sitt operatalent, syng nokre av Haarklou sin songar saman med organisten Asbjørn Flåm, som òg spelar eit  orgelverk av Haarklou. Og søstra til Andreas, Hilda Løken Taklo handterer trekkspelet og vil spele eit par bruremarsjar av Haarklou, som eigentleg vart skrivne for orgel.

Det blir altså to innhaldsrike konsertar 18. og 19.november, og her ligg heile programmet: http://fordehuset.no/arrangement/haarkloufestival .

Send inn tekst og bilete «

Gjer aktiviteten i ditt lag, di bedrift eller organisasjon synleg i lokalavisa!

Artikkeltags