Laurdagsdans på samfunnshuset

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Laurdag kveld speler Ingvar Hopland og Knut Magnussen med fleirer opp til dans på Flora samfunnshus.

DEL

- Då er det klart for laurdagsdans i Flora samfunnshus, for dei som vil ha seg ein svingom og kome seg heim i skapeleg tid, fortel Ingvar Hopland.

Saman med Knut Magnussen og Erlend Baugstø utgjer han «Mr. Earl and the Oldtimers».

Kaffe og kake er inkludert i billetten, slik at dei kaloriane ein skulle miste på dansegolvet blir putta på igjen, fortel han.
Dansemusikken er det Mr. Earl and the Oldtimers som står for.

Her blir du forført av gode låtar frå  -50, -60 og -70 talet. Mest country, rockabilly og boogie, og det er lov å synge med.


Mr. Earl er Erlend Baugstø himself på gitar og steelgitar, på trommer oldtimers Knut Dypevik og Knut Magnussen, Bjørn Wilhelmsen tar turen frå Eikefjord for å spele gitar og Ingvar Hopland er lokka utpå med bassgitaren.

I tillegg så blir det sang frå dei frodige mannstemmene i bandet. Det skulle i det heile tatt vere duka for mykje moro både på scena og  på dansegulvet.

Send inn tekst og bilete «

Gjer aktiviteten i ditt lag, di bedrift eller organisasjon synleg i lokalavisa!

Artikkeltags