Kulturskulen sin sommarfestival

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

I år som tidlegare år smeller kulturskulen til med ein liten sommarfestival.

DEL

Innsendt Gjennom festivalen får ein møte ein god del av skulen sine mange elevar og sjå og høyre deira kulturelle uttrykk. Festivalen føregår i tidrommet 6. til 14. juni på fleire av byen sine ulike scener.

Kunst

Onsdag 6. juni opnar kunstutstillinga i Samfunnshusets foajé. Her kan ein sjå ulike kunstverk i mange ulike teknikkar laga av skulen sine mange kunstelevar. Utstillinga vert hengande eit par veker så ein kan sjå ho når det måtte passe om ein ikkje når opninga.

Sommarkonsert

Sjølve kjernen i festivalen er nok sommarkonserten torsdag 7. juni i festsalen på Samfunnshuset. Der får ein sjå og høyre mange ulike musikalske uttrykk. Det vert songsolistar, strykarar, blåsarar og ulike samspelsgrupper. Her legg kulturskulen opp til ein ledig stemning, nett slik ein sommarkonsert skal være.

Grieg i kyrkja

Mannskoret Gammen under leiing av Jorunn Bakke Nydal syng musikk av Edvard Grieg i Florø kyrkje etter sommarkonserten. Det er lagt opp til at ein kan gå direkte frå Samfunnshuset til kyrkja og få med seg båe konsertane. Dei fleste kjenner kanskje best til Gammen gjennom ein av dei mange shanty-konsertane deira, men koret seier no at dei verkeleg gleder seg til å synge klassisk musikk komponert for mannskor.

Storband på Kysten

Laurdag 9. juni spelar Florø Storband under leiing av kulturskulerektor Arne Sunnarvik og kulturskuleband under leiing av Eilif Vårdal på Kysten Bar & Restaurant. Her vert det høve til å kjøpe seg ein kaffi i baren eller svinge seg på dansegolvet til fengjande musikk i ulike sjangrar og frå ulike tidsepokar.

Dansar inn sommaren

Siste arrangement ut på sommarfestivalen er kulturskulen sine danseelevar. Torsdag 14. juni. Her får ein sjå dansarar i alle aldrar og i ulike grupperingar framføre dansane dei har øvd på i vår. Ein får sjå flotte kostymer og fengjande dansesteg. Danselærar Lisa Melvær Giil lovar òg ei stor overrasking undervegs i danseshowet. Dette vil du ikkje gå glipp av.

Gratis og sommarleg

Alle arrangement har fri inngang og kulturskulen legg opp til ein så ledig og sommarleg stemning som mogleg på alle arrangementa. Meir info finn ein på kulturskulens heimeside eller på Facebook. 

Send inn tekst og bilete «

Gjer aktiviteten i ditt lag, di bedrift eller organisasjon synleg i lokalavisa!

Artikkeltags