Det nærmar seg jul og Florø storband ynskjer å være med å markere inngangen til jula med konsert på Restaurant Kysten. Laurdag 16. desember kl 13:00 vert det difor storbandkafe igjen, med eit meir «julete» repertoar.

Florø Storband stiller denne gongen med solistane Jorunn Bakke Nydal og David E. Antonsen. Restaurant Kysten stiller med kaffe og kaker. Ta ein pause i julehandelen på laurdag, kom innom Kysten restaurant og få med dykk Florø storband med solistar.