Førstkommande onsdag skal ein nyetablert kvartett beståande av pianist Sunni Julnes, gitarist Bjørn Wilhelmsen, og songarane David E. Antonsen og Ann Kristin T. Winterthun gje florøfolket RO på Vesle Kinn.

Kvartetten lovar at konserten med tittelen «Ro» blir ein annleis julekonsert, der målet er å senke skuldrene i denne travle førjulstida med rolege og fine julesongar. Fleire av desse har du kanskje ikkje høyrt før. Andre har du kanskje ikkje høyrt framført på nøyaktig denne måten.

- Vi ønsker å framføre julesongane slik vi liker dei. Men det er ikkje berre berre å gjere julesongar til din eigen versjon: Julesongar er noko dei aller fleste av oss har eit forhold til og ei meining om, noko som gjer det å jobbe med dei til ei spennande utfordring. I tillegg blir det å ha konsert på Vesle Kinn både nytt og spennande for oss. Vi på scena og publikum kjem veldig tett inn på kvarandre. Lokalet utfordrer oss også på låtvalg og stil, og tar oss alle eit godt stykke ut av comfortsona. Men vi har funne ei form som vi liker og då satser vi på at publikum også kjem til å like det, seier Winterthun.

Om du treng å finne julestemning og ro, så er det på Vesle Kinn du skal befinne deg onsdag 19.12 kl 20.00