Beste konsertprogram og solistpris til Florø Hornmusikk

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

InnsendtLaurdag 28. oktober deltok Florø Hornmusikk i Nordvestivalen. Der framførte dei programmet «Bilete frå ein by», som er musikk sat saman av dirigent Torgeir Halvorsen til eit 25 minutters samanhengande underhaldningsprogram. Hans Erik Stenseth og Trygve Sæten Nilsen var solistar og sistnemnde vart æra med solistpris.


Beste konsertprogram

Hornmusikken fekk prisen for beste konsertprogram. Det bestod av fem kontrasterande stykke der korpset fekk vise sine ulike kvalitetar og solistar.


Solistpris

Trygve Sæten Nilsen er 17 år og spelar flygelhorn. På laurdag framførte han jazz-schlägeren «Misty» på ein så overbevisande måte at han vart kåret til beste solist i Møre & Romsdal og Sogn & Fjordane, i skarp konkurranse med solistar frå alle dei andre korpsa i festivalen.


Nordvestivalen

Nordvestivalen er ein underhaldningskonkurranse for korps i Norges Musikkorps Forbund sin region Nordvest, som består av Møre & Romsdal og Sogn & Fjordane. Konsertane vart spilt i Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg. Meir info om festivalen kan man lese på musikkorps.no

Send inn tekst og bilete «

Gjer aktiviteten i ditt lag, di bedrift eller organisasjon synleg i lokalavisa!

Artikkeltags