Korleis greidde steinaldermenneska hogge flint? Dette lærte elevane frå floraskulen om denne veka.

Av
DEL

Under eit tre i skogen sit ei ung jente og formar ei keramikkrukke. Krukka skal tørke nokre dagar før ho skal brennast på bålet for å tole å bli brukt til både koking og oppbevaring av mat. Før jenta set krukka ifrå seg, dekorerer ho krukka med eit vakkert mønster ved hjelp av ein pinne og eit hjarteskjel. 

Dette kunne vore ei forteljing frå steinaldertida, men det er det ikkje. Tvert om var dette ein av aktivitetane langs kulturstien på Steinalderskulen i Ausevik som fekk besøk av 220 elevar frå skulane i Flora og Naustdal denne veka.

Steinalderskulen i Ausevik er ei elevbedrift med elevar frå 7. klasse ved Steinhovden skule og Eikefjord skule i Flora.

Forretningsideen til elevbedrifta er å formidle kunnskap om dei viktige kulturminna i lokalmiljøet, nemleg det 6000 år gamle helleristningsfeltet i Ausevik og diabasgruvene på Stakaldeneset. Langs kulturstien i skogen i Ausevik står Kevin Eikefjord og fortel om diabasgruvene på Stakaldeneset som er rekna for å vere det første industrisamfunnet i Norge. Kevin forklarer elevane korleis diabasen vart til og viser dei ei «ekte diabasøks» før dei sjølve får prøve korleis steinaldermenneskja prikkhogde ei øks.

Flintsmeden og arkeologen Morten Kutschera er komen like frå Ertebøllesenteret i Danmark til Ausevik for å undervise borna på Steinalderskulen om flinthogging. I tillegg til å lage sin eigen flintkniv lærer elevane om steinalderverktøy og våpen og kor viktig dette var for å overleve i naturen.

På helleristningsfeltet haglar det med nysgjerrige spørsmål: Kven laga helleristningane, korleis klarte steinalderfolket å teikne i berget, kva er den raude fargen på figurane og kva betyr dei? Og elevane er opp i undring over skinnkjolen til omvisaren og over at steinaldermenneskja kanskje rodde til Stakaldeneset med ein skinnbåt for å hente diabas.

Elevane frå Steinalderskulen hjelper til med dei andre aktivitetane på kulturstien i Ausevik, og det manglar ikkje på lovord og skryt når dagane er omme. «Det aller kjekkaste var å lage knivar» seier Aron, medan Viljar og Oda likte best å skyte med pil og boge. Noor frå Syria synest det er veldig gøy å lære om helleristningane og er glad for at ho vart med til Ausevik.

Steinalderskulen takkar alle elevane som kom til Ausevik for å lære om livet i steinalderen og alle vaksne som har hjelpt til med å skape eit lærerikt og viktig arrangement.

(Bildeserie i hovudbildet øvst i artikkelen.)

KURSING: Her får elevane lage steinalderkeramikk.

KURSING: Her får elevane lage steinalderkeramikk. Foto:

Send inn tekst og bilete «

Gjer aktiviteten i ditt lag, di bedrift eller organisasjon synleg i lokalavisa!

Artikkeltags