Verdens største utebursdag

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Søndag 21. januar 2018 fylte DNT 150 år! Dette vart feira med verdas kulaste og største utebursdag! Kom deg ut-dagen er Norges nasjonale turdag, med over 150 gratisarrangement over heile landet. 

Barnas Turlag Flora og Naustdal i samarbeid med Frivilligsentralane markerte dagen med familiedag i Instedalen i Naustdal. Det var lagt til rette for skileik med kulekjøring, orgeltramp, hopp og anna moro. Barna deltok også på Tur-Tipp- konkurranse med flotte premiar til alle.

Det krydde av ungar og vaksne som gjekk og rann på ski. Dei aka og basa rundt i snøen med store glis. Svoltne magar fekk nystekte sveler og pølser i grillhytta, og dei som var i skiløypa fekk seg betasuppe.  

Frivilligsentralane i Naustdal og Florø hadde sett opp gratis busstransport der 45 ivrige deltakarar frå ulike nasjonalitetar fekk muligheit til å oppleve den norske naturen på nær hald. Dei fleste hadde ski på beina for første gang. Den norske skikulturen hadde dei høyrt mykje om, og endeleg skjønte dei kva glede den kunne gi.

Tilsaman møtte det nær 200 barn og 150 vaksne i Instedalen på ein dag med perfekte skiføre; -3 grader, vindstille og solgløtt.

Send inn tekst og bilete «

Gjer aktiviteten i ditt lag, di bedrift eller organisasjon synleg i lokalavisa!

Artikkeltags