Debatt Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
I kommunestyret 3. mars fekk Venstre gjennomslag for ein rask framdriftsplan for å realisere Skram skule. For ein gangs skuld er det kome ei konkret og tidfesta bestilling frå politikarane som forpliktar administrasjonen og vidare politiske vedtak. Alternativet var å flytte elevane i brakke før ein i det heile veit at det kjem ein ny skule.
Erfaringa vår er at midlertidige løysingar i kommunen ofte kan bli langvarige. For oss er det logisk at ein må gjere viktige avklaringar i prosjektet med ny skule og legge ein plan som forpliktar på prosess, økonomi og tid – før ein flyttar elevane i den midlertidige brakkeløysinga. Med den løysinga som Ap, MDG med fleire ville ha – så ville ein fått ei løysing der elevane måtte vere mange år i brakkebygga(min 3 år slik det gjekk fram av rådmannens notat).For mykje er nemleg ikkje landa: Det politiske fleirtalet har berre satt av ein brøkdel av den forventa totalkostnaden med ny skule i sine budsjettet og dei har heller ikkje ein forpliktande plan klar for framdrift med meir.
I kommunestyremøtet vart det fremma ein kritikk mot rådmannen, fordi viktig informasjon ikkje kom fram til politikarane og det i staden vart opplevd som at rådmannen spekulerte i faktum på ein måte som fekk utslag i at politikarar endra standpunkt. Frå representantar frå Venstre, Raudt og Sp vart det sett fram ein sakleg kritikk som handlar om korleis vi vil ha det i relasjonen mellom politikk og administrasjon. Venstre står samstemt bak denne kritikken. Det handlar ikkje om mistillit, men om korleis vi forventar at ting skal skje for at vi skal kunne ha tillit og gode prosessar.
Skram skule er i for dårleg stand, det er alle samde om. Ingen meiner likevel det er så akutt fare for elevane at ein må flytte dei med ein gong, så då meiner vi at nokre månader frå eller til ikkje gjer noko forskjell i det store bilete. Heile vegen skal det vere ein forsvarleg skulekvardag, før vi raskast mogleg får på plass ei permanent løysing som leverer kvalitet i toppklasse. Med Venstre i front er vi eit stort steg nærare ei slik realisering. Hadde kommunestyret lagt seg på rådmannen, MDG, AP mfl si linje så hadde vi fått nye rundar med skulestrukturdebatt i Vågsøy og uklårheitar som hadde dratt langt ut i tid. Det kunne ikkje Venstre vere med på: For oss er elevane det viktigaste. Derfor gjekk vi saman med det politiske fleirtalet og tok styring med prosjektet. Det blei gjort og vi er svært nøgd med vedtaket, som vi bidrog aktivt til.
Hilmar Eliasson, leiar Kinn Venstre og medlem av kommunestyret og oppvekstutvalet