Bulkbåt har køyrt rett i Nordhordlands-brua i natt

Foto: BA-tipsar

Foto: BA-tipsar

Ingen personskadar, politiet om bord i båten i morgontimane.

DEL

Like før klokka tre i natt fekk politiet melding om at ein båt hadde kollidert med Nordhordlands-brua.

Det skal vere snakk om ein bulkbåt på ca 80 meters lengd som har krasja inn i den brua, og båten skal ha fått knust delar av styrhuset.

 - Skipet har ein del skadar. Ei fastmontert gravemaskin er godt skadd, denne gjekk inn i styrehuset som har ein del skadar, fortel operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt til BA.

Litt seinare på morgonen kom politiet seg om bord i båten og har fått dialog med personane om bord. Det skal ha vore sju personar om bord då samanstøyten skjedde, og kapteinen skal vere norsk. Ingen skal ha kome til skade i samanstøyten.

Biltrafikken på brua skal ikkje vere berørt av ulukka.

Artikkeltags