Skatteetaten åtvarar: – Ikkje la deg lure

Dette er et eksempel på phisihing.

Dette er et eksempel på phisihing. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

I 2018 registrerte Skatteetaten elleve phishing-bølger.

DEL

Førstkommande torsdag blir skattemeldinga tilgjengeleg, og med den følger e-postar og SMS-er frå det som kan sjå ut til å vere frå Skatteetaten, men i realiteten er svindelforsøk.

– Det er eit aukande omfang på phishing, men heldigvis er bevisstnivået, skepsisen og kompetansen i befolkninga generelt noko forbetra. Likevel er det mange nok som går på til at det framleis er attraktivt for svindlarane, seier direktør for tryggleiksavdelinga i Skatteetaten, Svein Mobakken, i ein pressemelding søndag.

Elleve phishing-bølger

I 2018 registrerte Skatteetaten elleve bølger av såkalla phishing, der etaten har stått som påstått avsendar.

Phishing skjer ved at mottakarane blir lurt, enten gjennom e-post eller SMS-er, til å klikke på lenker eller gi frå seg sensitiv informasjon. Denne informasjonen kan seinare brukast for å svindle mottakaren.

De grovaste svindelforsøka blir meldt til politiet, opplyser Skatteetaten.

Artikkelen held fram under bildet.

– Din identitet er gull verdt

– Ikkje la deg lure, din identitet på nett er gull verdt. Skatteetaten sender aldri e-post med lenker som du skal klikke på. Vi ber heller aldri om kredittkortinformasjon, tryggleikskodar, rekningar, kopi av pass, førarkort eller kontonummer via SMS eller e-post, og all kommunikasjon med Skatteetaten går føre seg innlogga på våre heimesider eller i Altinn, seier Mobakken.

Skatteetaten ber også publikum om hjelp til å følge med på svindelforsøka, og melde ifrå om nokon skulle oppdaga noko.

Skatteetatens tips til kva du kan gjere for å forhindre at du blir lurt:

  • Se nøye på e-postar du får. Ta ein kritisk vurdering av e-posten og sjekk avsendar, og tenk over om dette kan vere riktig. Sunn skepsis er aldri feil.
  • Samanlikn e-post adressa med tidlegare ekte e-postar. Sjå spesielt etter falsk avsendaradresse, dårleg språk og stavefeil. Dei kriminelle blir stadig flinkare til å herme.
  • Vær særleg oppmerksam om du i ein e-post blir bedt om å oppgi sensitive opplysningar som kontonummer eller tryggleikskodar.
  • Ikkje opne vedlegg frå ukjente, klikk ikkje på lenker ukritisk og skriv sjølv inn internettadresser i nettlesaren.
  • Spesielt på mobil kan det vere freistande og klikke på ei lenke i farta, ikkje gjer det.
  • Er du i tvil, dobbeltsjekk med den riktige avsendar på til dømes Skatteetaten.no eller ta ein telefon til 800 80 000.

Hva er phishing?

Phishing, også kalt nettfiske, er angrepsmetode der angriperen prøver å lurer til seg opplysninger som kan brukes i vinnings øyemed. Eksempeler er henvendelser på e-post der mottakeren bes oppsøke en webside (f.eks. en nettbank) hvor de må legge inn sine passord. Internettsiden ser ut til å være troverdig, men i realiteten en falsk side for at angriperne skal få tilgang til dine opplysninger. Det har også vært eksempler hvor andre kanaler som telefon og chattekanaler er brukt.

Andre metoder svindlere bruker:

• Falske merkevarer

• Ulovlige varer

• Falske salg

• Tyveri av personinformasjon

• Overføring av penger

• Betaling av avgift på forhånd

Kilde: NorSIS

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken