Slutt på Kjelkenes-ferja

Frå arbeidet i Skatestraumtunnelen måndag 31. august. Foto: Sveinung Hovland, Statens vegvesen

Frå arbeidet i Skatestraumtunnelen måndag 31. august. Foto: Sveinung Hovland, Statens vegvesen

Artikkelen er over 3 år gammel

Når kolonnekøyringa startar opp i Skatestraumtunnelen neste måndag vert det samstundes slutt på ferje på Smørhamn-Kjelkenes.

DEL

Måndag 7. september startar Statens vegvesen opp kolonnekøyring i Skatestraumtunnelen.

Det blir ti avgangar i døgnet frå kvar side, og kolonnetidene er utarbeidd i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune og Bremanger kommune.

- Avgangane i døgnet skal gjere kvardagen lettare for innbyggjarane i Bremanger etter tunnelbrannen, seier Margot Åsebø, seksjonssjef Fjordane i Statens vegvesen.

- Vi har prøvd å tilpasse oss lokale behov, spesielt dei som har dette som pendlarveg. Med ti kolonnar om dagen så trur vi at vi har kome dei fleste behov i møte, seier Åsebø.

Kolonnekøyringa vert avvikla med ledebil.

Ferja som vart sett inn på sambandet Kjelkenes-Smørhamn etter tunnelbrannen vert fjerna når kolonnekøyringa startar opp måndag.

Artikkeltags