I verste fall kan det gå eit stykke ut i 2016 før tunnelen kan opnast, ifølge regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen.
Vil koste titals millionar
Arbeidet med å reparere Skatestraumtunnelen er så omfattande at tunnelen truleg ikkje opnar att før i 2016. Prislappen vil komme på fleire titals millionar kroner.
Regionvegsjef Helge Eidsnes var torsdag i Bremanger for å ta Skatestraumtunnelen og skadane i den nærare i augesyn. Med seg hadde han representantar både frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Bremanger kommune.
– Vi har framleis ikkje heile bildet over kor stort omfanget er. Men vi ser no at skadane er store og omfattande, og at det vil ta lang tid å gjere tunnelen i stand att. Truleg blir tunnelen stengd ut året, i verste fall lenger, seier Eidsnes.
Nye EU-krav
Statens vegvesen skal dei neste vekene arbeide for å få den fullstendige oversikta over skadeomfanget. I august kjem Vegvesenet til å legge fram ein rapport for vegeigar Sogn og Fjordane fylkeskommune.
– Då vil vi også legge fram to kostnadsoverslag: Det eine på kor mykje det vil koste å bygge opp tunnelen til standarden den hadde, det andre på kva det vil koste å oppgradere den til 2025-nivå i tråd med dei nye EU-krava, forklarer Eidsnes.
LES OGSÅ: Ville fjerne ferjekaiene
SJÅ VIDEO: Dette forventar dei å måtte gjere