Etter eksplosjonen som førte til at Skatestraumtunnelen vart stengt på ubestemt tid, har folk frå Bremangerlandet køyrt omvegar på fleire timar for å komme seg til arbeid. Dette har også ført til mykje avlysingar og store utfordringar for lokale verksemder.
Går så lenge tunnelen er stengd
- Ferja MF Dalsfjord er klar måndag. Den kan ta 27 personbilar, og skal gå etter oppsett rutetabell. Det seier Anders Sæternes, ferjekoordinator i Statens vegvesen.
Statens vegvesen inngår avtale med Fjord1 om ferje på det nedlagte sambandet. Det er ikkje mogleg å få den på plass tidlegare på grunn av tilgjengeleg mannskap.
Ferja vil gå så lenge Skatestraumtunnelen er stengd.
Ikkje tilgang i tunnelen
Statens vegvesen får ikkje tilgang til Skatestraumtunnelen før tidlegast måndag.
- Det betyr at det skjer ingenting i tunnelen i løpet av helga. Måndag håpar vi å få kome inn og spyle, reinske og få betre oversikt over skadeomganget, seier fungerande avdelingsdirektør Margot Åsebø.
Ruteoversikta