Omgrepet norgesvener er velkjent, og Skambankt må vel kunne seiast å vere florøvener.
Det var dei som toppa plakaten på KinnFest i fjor, og året før spelte dei på Florø Kulturhus i september, etter at konserten i mars 2020 blei avlyst. Då Firdaposten snakka med bandet i 2018, mimra dei tilbake til den første konserten sin i kystbyen - og dei har også vore på besøk hos Espen Lothe for å brygge sitt eige øl på Kinn Bryggeri.

Skambankt pluss Florø er lik sant. Sjå bilda frå konserten på kulturhuset
No legg dei ut på sin siste turné, og årets høve til oppleve dei lokalt blir på Havblikk, den vesle og eksklusive festivalen på Fanøy - som for lengst er utseld.
Mellom 2003 og 2014 ga bandet ut fem album før dei tok ein kort pause. Etter at dei kom tilbake, seint i 2017, skulle ting gå kjappare. Bandets sjette album, «Horisonten Brenner», kom i 2018, før ytterlegare tre kritikarroste album følgde fortløpande.
I tillegg til å turnere aktivt og besøke tallause spelestadar i Norge, samt å spele på masse festivalar, rakk altså Skambankt å sleppe fire album på fire år.

Skambankt skal rocke og røske i publikum på Havblikk
25. februar 2022 slapp Skambankt sitt tiande album «TI». Det kritikarroste albumet var ein kjærkommen tilbakekomst til bandets hardare rockerepertoar og tok både lyttaren og bandet tilbake til utgangspunktet.
Slik sett representerar også «TI» ein slutta sirkel.
Skambankt skriv dette til fansen:
«Kjære Skambankt-venner
Vi har én god og én dårlig nyhet. Den gode er at vi snart skal på turné igjen. Den dårlige er at det blir vår siste. Det er en tid for alt, og tiden for å kaste inn Skambankt-håndkleet nærmer seg. En lang tur går mot slutten. En skikkelig god tur som har bydd på medvind og motvind, solskinn og regnvær. Vi gleder oss stort til den siste etappen. Det er vemodig og litt trist, men ikke dramatisk. Etter 10 albumutgivelser ønsker vi å lukke denne døren, noe som vil gi oss muligheter til å åpne andre. Vi har sjarmøretappen igjen og den har vi bestemt oss for å nyte sammen med dere.
Velkommen på konsert!»