Det gjeld både om eldre frå Flora skulle få tilbod om plass i Vågsøy og omvendt.

Når vi i Raudt og andre har uttrykt bekymring for dette så har vi blitt skulda for svartmaling og at dette hadde ingen rot i virkeligheten. Men no viser det seg altså at dette er noko administrasjonen i Kinn ser føre seg. Det kjem fram i BDO-rapporten som er utarbeida i samband med eventuell deling av Kinn.

På side 17 i rapporten står det nemlig følgande: «Gjennom intervjuene er BDO informert om at Måløy nylig har fått økt antall institusjonsplasser i forbindelse med ferdigstilling av et institusjonsbygg. Det uttrykkes at dette vil kunne gi en fleksibilitet til å betjene personer på korttidsopphold fra Florø-siden, og at den muligheten eventuelt bortfaller ved en kommunedeling fordi det da vil være to separate kommuner.»

Her står det i klartekst at ein tenkjer seg nettopp ei slik ordning! Alle forstår vel at dette er vil vere veldig vanskelig for både den det gjeld og for dei pårørande. Når bestemor eller bestefar skal flyttast vekk frå sine kjente og kjære til ein stad der dei kanskje ikkje kjenner ei levande sjel vil det forringe livskvaliteten for dei aller fleste. Og det vil bli veldig dyrt og krevande for dei pårørande å dra på besøk. Viss ein skal reise med båt må ein også rekne med taxi tur/retur frå kaia til Kulatoppen.

Og kva skjer dersom ein takkar nei til eit slikt tilbod om institusjonsplass i andre delen av kommunen? Har kommunen då gjort si plikt og tilbudt ein plass, slik at ein då står utan rett til plass sjølv om behovet er til stades? Kommunen har fått utmerking for sin eldrepolitikk i «Lev heile livet»-satsinga. Ser vi her medaljens bakside?