Skal teste ut medisin brukt mot malaria og ebola på pasientar innlagde i Helse Førde

LOKALT TEAM: Frå venstre studiesjukepleiar Arne Bjørkås, studiekoordinator Kristin Vassbotn Guldhav og lokal hovudutprøvar, dr. Pawel Mielnik. For å få delta blir det stilt strenge krav til opplæring av personale, samt nøye kontroll og oppfølging av pasientar som får studiemedisinen. Med i teamet er utvalde ressurspersonar (overlegar, LiS-legar, sjukepleiarar og bioingeniørar frå mikrobiologisk avdeling, laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank, medisinsk avdeling samt avdeling for akuttmedisin i Helse Førde).

LOKALT TEAM: Frå venstre studiesjukepleiar Arne Bjørkås, studiekoordinator Kristin Vassbotn Guldhav og lokal hovudutprøvar, dr. Pawel Mielnik. For å få delta blir det stilt strenge krav til opplæring av personale, samt nøye kontroll og oppfølging av pasientar som får studiemedisinen. Med i teamet er utvalde ressurspersonar (overlegar, LiS-legar, sjukepleiarar og bioingeniørar frå mikrobiologisk avdeling, laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank, medisinsk avdeling samt avdeling for akuttmedisin i Helse Førde). Foto:

Verdas Helseorganisasjon (WHO) har tatt initiativ til ein stor internasjonal forskingsstudie for å få vurdert lovande behandlingar for COVID-19. Helse Førde er blant sjukehusa som no skal vere med på denne forskingsdugnaden.

DEL

(Sogn Avis) Det er i dag inga kjent behandling mot koronaviruset som kan føra til sjukdomen COVID-19.

Verdas Helseorganisasjon (WHO) sin internasjonale forskingsstudie skal prøva ut lovande behandlingar for COVID-19. Helse Førde deltek i forskingsdugnaden, der 45 land er med per i dag. I Norge deltek 29 sjukehus, skriv Helse Førde i ei pressemelding.

Testar ut ebolamedisin

I første omgang skal ein testa ut to medikament, men det kan etter kvart koma fleire medikament med i studien.

Malariamedisinen Hydroksyklorokin og embolamedisinen Remdesivir er dei medikamenta som skal testast ut først. Begge har vore testa ut i mindre studiar, og har vist lovande effekt hjå enkeltpasientar.

Studien skal undersøkja om desse medikamenta kan bremsa sjukdomsutvikling hos pasientar som er innlagt på sjukehus med COVID-19.

Håpar på raske og sikre svar

Innlagde pasientar med bekrefta COVID-19 som passar inn i for å bli inkludert i studien, vil få informasjon og tilbod om deltaking. Det blir avgjort ved tilfeldig trekking (randominisering) kva behandling ein testar ut. Det vil bli gjort fortløpande analysar av alle data som blir samla inn, slik at ein raskt kan få svar på om medikamenta er effektive mot COVID-19.

Ved at mange land og sjukehus er med i same studie, vil ein på kortare tid samle mange data frå mange pasientar. Dette gjev betre og sikrare kunnskap om kva medisin som verkar og kva som er trygt, skriv Helse Førde.

Utvida studie i Norge

I Norge blir det i tillegg gjort ein utvida versjon av WHO-studien. Det er ei forskingsgruppe frå Oslo Universitetssjukehus, leia av professor Pål Aukrust, som har forma ut ein tilleggsstudie for å samla litt meir informasjon om korleis medisinen verkar meir direkte mot viruset.

Alle formelle godkjenningar er no på plass, og det er klart for å starte studien ved Førde sentralsjukehus.

Artikkeltags