Med Vazelina-bassist og halvt målæyværing - Rune Endal - og guitar-superguten Steinar Karlsen frå Eikefjord på laget, blir det garantert heit, heftig og rocka zumbastemning med lokalt tilsnitt i klubbkjellaren i Iglandsvik den 28.mai. Ein minst like vital del av det musikalske kollektivet er pianoboogie-virtuosen Øystein Undem og «professor» Vetle Larsen på trommer. Frontmann Fred Støvland er kjent for sitt forrykande sceneshow.

– Det kjem til å bli eit friskt pust av ei konsertoppleving fullspekka av blues, swing, boogie woogie og rock and roll, seier arrangør Roger Igland i Musikk-Kafe.

Vi tok ein prat med Rune Endal om det nye bandprosjektet.

– Vi er framleis i oppstartfasen og planlegg jobbar og innspeling av musikk. Vi har eit par veldig utagerande folk i front, både vokalist Fred og boogie woogie -pianist Øystein Undem oppsøker publikum og piskar opp stemninga. Det er eigentleg Øystein sitt band dette. Han har gjort det veldig bra og faktisk vunne ein europeisk konkurranse med sitt forrige band frå Stavanger, fortel Endal.

– Korleis skal ein få fleire av dei yngre generasjonane til å interessere seg for denne typen musikk?

– Det må bli gjennom kulturskular og musikklinjer å lære unge folk til å spele musikkinstrument og utvikle nye stjerneskot. Frå Bremanger har vi hatt bandet Silo, som vann ein konkurranse i Norsk Bluesunion Eg var med i bandet til Vidar Busk då han slo gjennom i si tid. Det er litt merkeleg at nokre av dei største stjernene vi har i dag opererer bak ein platespelar.