Fleire millionar kilo bly ligg spreidd på norske skytebaner. No skal desse kartleggjast og ryddast.

Det skriv NRK Vestland.

På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet har Miljødirektoratet difor fått i oppdrag å kartleggje kor det finst nedlagde sivile skytebaner.

Så langt er rundt 1.350 av anslagsvis 3.000 baner lagt inn i forureiningsdatabasen. Men at banene er registrert, betyr ikkje at forureininga er kartlagt.

Dei nedlagde skytebanene har mange ulike eigarar. Då kartlegginga til Miljødirektoratet vart kjent, tok fire jeger- og skyttarorganisasjonar til orde for ei statleg finansieringsordning for baner der det eventuelt skulle kome krav om opprydding eller ekstraordinære miljøtiltak.

(©NPK)