FIRDA: Sjølv om det ikkje er koronarestriksjonar ved innreise til Norge lenger, er det framleis andre land som har reglar ved innreise.
Blant anna er det fleire land som framleis krev koronasertifikat ved innreise.
– Det viktigaste folk bør gjere, er å sjekke om landet du skal reise til krev koronasertifikat, seier overlege Eli Heen ved Folkehelseinstituttet i ei pressemelding.
Ulike reglar for gyldigheit
Koronasertifikatet er dokumentasjon som syner om du er vaksinert med koronavaksine, om du nyleg har hatt koronaviruset og om du har ein nyleg negativ test.
– Du har gyldig koronasertifikat i uavgrensa tid viss du er over 18 år og har fått ein oppfriskingsdose. Om du er grunnvaksinert, har du gyldig sertifikat i 270 dagar. Og om du har hatt covid-19, har du gyldig koronasertifikat frå dag 11 til dag 180 etter positiv test på teststasjon, seier Heen.
Dersom du er under 18 år, har du gyldig koronasertifikat i uavgrensa tid dersom du er grunnvaksinert.
Både barn og vaksne blir i Norge, og i dei fleste andre land, rekna som grunnvaksinerte anten etter to vaksinedosar eller etter éin dose i tillegg til positiv test. Ein kan òg få innreise i mange land ved å ta ein test for å dokumentere at ein ikkje har covid-19.
Koronasertifikatet ditt kan du finne ved å logge deg inn på Helsenorge. Du kan også laste ned Helsenorge-appen og opne koronasertifikatet der.
No er det for seint å få naudpass for å komme seg på ferie
Teknisk gyldigheit
Koronasertifikatet har to typar gyldigheit. Den eine handlar om test- og vaksinasjonsopplysningar. Den andre handlar om teknisk gyldigheit, står det i pressemeldinga.
Kva som er registrert av test- og vaksinasjonsopplysningar avgjer om du får eit gyldig sertifikat, og det kan avgrense kor lenge sertifikatet er gyldig.
I tillegg er det ein teknisk gyldigheit som inneber at sertifikatet maksimalt er gyldig 90 dagar fram i tid, frå kvar gong sertifikatet blir opna digitalt, blir lasta ned eller blir skrive ut. Dette er for å hindre misbruk.
– Det siste betyr at folk som ønsker å skrive ut koronasertifikatet, bør gjere dette ikkje altfor lenge før dei skal ut og reise, seier Heen.
Koronasertifikat for born under 18 år
Dersom det er krav om koronasertifikat for born under 16 år i det landet du skal reise til, finn du koronasertifikatet for borna dine på di eiga side på Helsenorge.
– For dei som er tenåringsforeldre, er det i tillegg viktig å hugse på at du mistar tilgangen til koronasertifikatet til barna dine når dei fyller 16 år. Hugs i så fall å be barna skaffe seg elektronisk ID i god tid før dei skal reise, og at dette krev gyldig ID (pass eller nasjonalt ID-kort). Då vil dei kunne logge seg på Helsenorge, og få tilgang til sitt eige koronasertifikat, seier Heen.
Sjekk reglane i landet du reiser til
Vêr obs på at landa som framleis brukar koronasertifikat, kan ha ulike reglar for kva som gir eit gyldig sertifikat. Difor er det viktig at ein sjekkar kva krav som gjeld i det landet ein skal reise til.
På regjeringa sine sider finn du ei lang liste med land som Norge har diplomatiske samband med. Du kan trykke på det landet du skal reise til for å få opp reiseinformasjonen som gjeld for det landet.