Ifølgje ei marknadsundersøking gjennomført av Treindustrien har prisane på trelast ut frå produsent falle kraftig og er tilbake på nivået før pandemien. Nedgangen er på heile 42 prosent frå desember 2021 til desember 2022.

Det er ei utvikling også byggjevarekjedene helsar velkomen. Ifølgje kjeda Byggmax skal det store prisfallet no kome kundane til gode.

– Vi merkar at fleire er innom varehusa på leit etter førsteklasses byggevarer til låge prisar. Mange heimefiksarar går med byggedraumar som har vore sett på vent på grunn av kostnadsnivået. No merkar vi at prisfallet fører dei tilbake til butikkane, for å realisere prosjekta, seier Niklas Hamberg, norgessjef i Byggmax.

Men han kjem med ei viktig råd til særleg privatkundane:

- Byggevarer har ulik pris avhengig av kvar i landet du er, mykje på grunn av fraktkostnad og lokalt konkurransetrykk. For kundane betyr det at det er mykje å spare på å sjekke prisane i lokalområdet sitt. Det gjeld særleg privatpersonar, som ikkje har såkalla proffrabatt. Det kan vere smart å ta ein ekstra halvtime rundt med hengaren din, og sjekke prisane i ulike varehus, legg han til.

Og Hamberg kjem også med eit litt spesielt råd, til handelsmann å vere:

– Hugs at du ikkje alltid treng å kjøpe nytt. Det finst mykje brukt utstyr og materialar av høg kvalitet, om ein leitar litt på til dømes finn.no. Og ofte har naboen akkurat den tingen du manglar, som du sikkert får låne – og omvendt, seier han.

Bransjen trur den markante prisnedgangen vi no ser, ikkje er eit blaff. Dei peikar på betre og meir rasjonell skogsdrift som ei av årsakene.

Bildeserie

Ytrehus Sag