I snitt planlegg nordmenn å bruke 17.650 kroner på årets sommarferie, noko som er ein auke frå 15.500 kroner i 2021 og 13.400 kroner i 2020. Det kjem fram av ei undersøking som Ipsos har gjennomført på vegne av DNB. Det er likevel eit lågt budsjett samanlikna med åra før koronapandemien då vi låg på 20.000 kroner i 2019 og heile 22.000 kroner i 2018.
Undersøkinga viser også at det er dei som planlegg ferien sin til utlandet som dreg snittet opp. Dei har nesten dobbelt så høgt planlagt forbruk enn dei som kun skal feriere i Norge.
– Nedstenging og restriksjonar førte til at vi tråkka på bremsa for ferieplanar under pandemien. No som det er opna opp for utanlandsreiser igjen, ser vi at det blir sett av meir pengar i feriebudsjettet, seier Silje Sandmæl, forbrukarøkonom i DNB.
Vestlandet på topp
På regionsnivå kjem det fram at befolkninga på Vestlandet er dei som set av mest pengar til årets sommarferie. Her planlegg ein å bruke i snitt 19.126 kroner, medan Midt-Norge er like bak med 18.959 kroner. Regionen som planlegg å bruke minst pengar er Nord-Norge der ein i snitt ser for seg å bruke 16.338 kroner på årets sommarferie.
Totalt svarar kvar fjerde Vestlending at dei skal bruke meir pengar på ferien i år enn i fjor. Flesteparten opplyser manglande ferie i fjor som årsaka til det.
Høgare prisar
Norske husholdningar er prega av auka utgifter om dagen, med høge matvareprisar og høgare renter. Det kan vere ein av grunnane til at vi ikkje er tilbake på 2019-nivå endå med tanke på planlagt ferieforbruk.
– Det er tydeleg at vi har lært litt om pengebruk gjennom pandemien. Sjølv om vestlendingar toppar statistikken, så held vi oss framleis på eit edrueleg nivå, fortel Sandmæl.
Undersøkinga viser at tolv prosent av vestlendingane seier dei skal bruke mindre pengar på årets sommarferie samanlikna med tidlegare år. Mange svarar at det er på grunn av dårlegere råd.
– Mange er bekymra for auka utgifter framover, og det får konsekvensar for pengebruken vår. Då er det ofte at ein prøver å halde litt igjen på ferieplanene, avsluttar forbrukarøkonomen.
Så mykje planlegg nordmenn i dei ulike regionane å bruke på årets sommarferie:
Vestlandet | 19126 kroner |
Midt-Norge | 18959 kroner |
Austlandet inkludert Oslo | 17310 kroner |
Nord-Norge | 16338 kroner |
Om undersøkinga:
· Undersøkinga er gjennomført av Ipsos på vegne av DNB i veke 17 og 18, 2022.
· Undersøkinga er gjennomført i eit landsrepresentativt utval av befolkninga over 18 år.
· Totalt har 1082 nordmenn svart på undersøkinga, vekta på kjønn, alder og demografi.