Skal brasse inn det nye året

Roald Leivestad og dirigent Torgeir Halvorsen er snart klare med det som har blitt ein tradisjon dei siste tre åra: Nyttårskonsert med Florø Hornmusikk i kyrkja.

Roald Leivestad og dirigent Torgeir Halvorsen er snart klare med det som har blitt ein tradisjon dei siste tre åra: Nyttårskonsert med Florø Hornmusikk i kyrkja. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Florø Hornmusikk har sikra seg solist frå øvste hylle til årets nyttårskonsert.

DEL

Laurdag 3. januar er datoen for Florø hornmusikk sin tradisjonelle nyttårskonsert i Florø kyrkje. Godt støtta opp av organist og Kinn Kyrkjekor, byr dei på ei nyttårsmusikk-oppleving i kyrkja for tredje året på rad.

- Vi tjuvstarta i 2010 opp mot byjubileet. To år seinare var det inngangen og utgangen på fylkesjubileet som var anledninga til å spele, og i fjor var det korpset sitt eige 125 års-jubileum vi markerte. I år har vi ingenting å jubileumsspele for, men nyttårskonsert blir det likevel førstkomande laurdag, lovar perkusjonsist og samfunnskontakt i Hornmusikken, Roald Leivestad.

God rekruttering

Det er eit ganske så vitalt brassband som går inn i det nye året.

- Laurdag mønstrar vi 30 musikarar. Rekrutteringa er god, og vi har fått med fleire unge den seinare tida. Det er gledeleg, seier dirigent Torgeir Halvorsen, som lovar nyttårsinspirert musikk under konserten, med opp til fleire gløtt mot Wien.

Midt i konserten blir det ein eigen bolk med Kinn Kyrkjekor, i tillegg blir det mange fellesnummer og også reine brass-nummer.

Hareide på fiolin

Men rosinen i pølsa er likevel årets solist.

- Vi har lokka heim byens store fiolinist, Audun Hareide. Han har vore tilknytt operaorkester i Sverige, Opera Nordfjord og jobbar no med base ut frå Oslo. Vi har aldri spelt med han tidlegare, så det blir ei ny oppleving, konstaterer dirigenten.