FIRDA: – Dei er kome til Rogaland no. Det er ganske mange lynnedslag der, fortel meteorolog Magnus Haukeland ved Meteorologisk institutt i 10-tida fredag.

Byene er restar frå uvêret «Ellen», som har herja dei britiske øyene dei siste dagane.

Trur det vil minke på vegen

Dei vil krype nordover i løpet av fredag. Haukeland trur dei vil minke i intensitet, før dei treffer våre kantar.

– Det vil bli mindre torevêr også.

Likevel er ingenting sikkert. Haukeland seier han sit klar til å hive ut eit farevarsel for vårt område.

Heile helga bli prega av regn. Laurdag er det venta mest, og ytre strøk får det våtast. Meteorologen kan ikkje seie så mykje meir nøyaktig kor regnet vil lande.

I Førde er det svært sprikande nedbørsprognosar for laurdag. Yr.no spår alt frå 5,9 til 100,2 millimeter gjennom laurdagsdøgnet.

– Vi må sjå det an og vurdere farevarselet, seier Haukeland.

Det blir ein del vind i helga også. Fredag kveld kan det bli oppe i stiv kuling frå sør på kysten. Dei behagelege temperaturane vil stort seg halde seg gjennom helga, fortel meteorologen.

Natt til denne fredagen var det nær tropenatt med ca. 18 grader fleire stader.

– Det blir lummert og vått i dag. Så held det fram med byer og vind på laurdag. På søndag blir det gradvis kjølegare.

Fleire varsel ute

Fredag føremiddag er det ute gult farevarsel for styrtregn for ei rekke stader i landet: Telemark, Agder, Rogaland, Østfold, Oslo, Akershus, Buskerud og Vestfold.

Det er også ute gult farevarsel for venta kuling i mellom anna Måløy.