Skadefri Øyvind Strømmen Kjerpeset (28) vil slette 47 år gammal rekord i Florø onsdag

I februar tok han permisjon frå studiet for å satse fullt på friidretten. Månaden etter kom korona og øydela alt. Men om han senkar den 47 år gamle kretsrekorden til Bjørn Birknes på 400 meter, er det heilt klart verd det.