Sjukehuset førebur seg på massiv korona-epidemi

Eit enormt arbeid er i gang ved Helse Førde. Alle avdelingar må bu seg på – og lære seg, og øve på – å behandle koronasmitta pasientar. Smitten må ikkje spreiast til andre pasientar. Onsdag vart den første koronapasienten innlagt.