Høgt sjukefråvær i Flora kommune

illustrasjonsfoto eldreomsorg.

illustrasjonsfoto eldreomsorg. Foto:

Sjukefråværet i Flora i 2018 var på totalt 9,6 prosent. Aller høgast er det i omsorgstenesta, der er fråværet på nesten 13 prosent.

DEL

Det viser tal som vert lagt fram for Flora-politikarane i Arbeidsmiljøutvalet i neste veke.

Omsorgstenesta er det området med høgast sjukefråvær. I 2018 var det på 12,9 prosent, og i siste kvartal steig det til 13,6 prosent.

Det auka også frå 2017. Då låg sjukefråværet i omsorgstenesta på 10,9 prosent.

I tillegg aukar langtidsfråværet i omsorgssektoren, men det er redusert i kommunen samla.

Aukar trass tiltak

Det totale kommunale sjukefråværet gjekk ned med 0,1 prosentpoeng frå 2017.

- Samanlikna med sjukefråværstala for 2017, så vart dette redusert frå 9,7 prosent til 9,6 prosentpoeng. Sjukefråværet har auka i omsorgstenesta, men er redusert i skule- og barnehagesektoren og i teknisk sektor, skriv personalsjef Trond Ramstad Olsen i saksutgreiinga til politikarane.

- Til tross for at det er sett inn mange tiltak for å redusere sjukefråværet ligg det framleis på eit høgt nivå, skriv han vidare.

Nasjonalt sett var sjukefråværet i 2018 på rundt 6 prosent, ifølge Nav.

Høgt i mange år

Sjukefråværet i omsorgstenesta har låge høgt i mange år. I 2016 såg ein betring, men sidan har det stege att:  Fråværstala går ned

I 2015 var fråværet historisk høgt, då meldte Firdaposten om krise i omsorgstenesta og 15 prosent sjukefråvær:

Artikkeltags