Gå til sidens hovedinnhold

Sju nye smitta: Barnehage må stengje

Status for koronautbrotet i Stad kommune er sju nye smitta siste døgnet.

Prøvesvar tysdag kveld viser at fire nye personar har fått påvist covid-19 i Selje. Alle er nærkontaktar i husstandar til tidlegare smitta. To av dei er i same husstand og alle har vore i karantene. Tre av dei fire utløyser ingen nye nærkontaktar, skriv Stad kommune i ei pressemelding tysdag kveld klokka 23.

Den fjerde smitta er tilsett ved Leikvang barnehage og kan ha vore smittsam på jobb fredag 19. mars.

- Alle born og tilsette på den aktuelle avdelinga er sett i karantene og vert testa onsdag. Husstandsmedlemmer er sett i ventekarantene. Etter ei samla vurdering blir Leikvang barnehage stengt til og med fredag 26. mars, skriv Stad-ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding.

Tysdag kveld viser også prøvesvar at tre personar har fått påvist covid-19 på Nordfjordeid. Alle er nærkontaktar i husstandar til tidlegare smitta. To av dei er i same husstand. Alle har vore i karantene sidan tidleg under utbrotet, og ingen av dei utløyser nye nærkontaktar.

Til saman er det tysdag påvist sju nye smittetilfelle. Alle dei smitta er nærkontaktar i husstandar til tidlegare smitta og alle har vore i karantene.

På grunn av utfordringar med analysekapasiteten ved Førde sentralsjukehus, vil ein del av resultata frå testing måndag først vere klare onsdag. Dette gjeld om lag 30 av 100 prøver tekne i Selje måndag. Alle dei 70 prøvene tatt på Nordfjordeid måndag er ferdig analyserte i dag.

Arbeidet med oppfølging av nærkontaktar i karantene, gjenteken testing av desse og testing av alle personar med symptom på sjukdom, held fram. Det er tysdag testa om lag 50 personar på Nordfjordeid og 40 personar i Selje.

Kommentarer til denne saken