Gå til sidens hovedinnhold

Sju nye koronasmitta i Kinn

Tysdag er det Måløy-regionen som har fått påvist flest nye tilfelle.

Tysdag melder kommunehelsetenesta om sju nye smittetilfelle i Kinn kommune.

Ifølgje Fjordenes Tidende er fem av dei knytt til Måløy-området, medan to er i sør.

Det eine tilfellet skal vere smitte påvist på ein bebuar på ein institusjon i Eikefjord. Her er smittevegen førebels ukjend, men det er ikkje påvist spreiing av smitte til andre ved institusjonen, tilsette eller pårørande.

Til liks med dei siste dagane, har ingen av dei påviste tilfella ført til alvorleg sjukdom, seier kommuneoverlege Kjell-Arne Nordgård til Fjordenes Tidende.

Kommentarer til denne saken