Gå til sidens hovedinnhold

Sjømatnæringa klarte seg godt trass i pandemien

Sjømatnæringa og den spesialiserte leverandørindustrien klarte seg godt gjennom første fase av pandemien. Den totale verdiskapinga i sjømatnæringa var på 59 milliardar kroner i 2020.

Det er ein nedgang frå 2019, men næringa auka samtidig med 2.000 tilsette. Inkludert ringverknader, legg sjømatnæringa med det grunnlag for 93.600 arbeidsplassar.

Dette kjem fram i ein ny rapport utarbeidd av Menon Economics, Nofima og Norce. Pandemien og nedstenging av samfunnet verda over medførte store endringar i etterspurnaden etter sjømat, med kraftig reduksjon i etterspurnaden i restaurantsegmentet og i prisen på laks. Sjømatnæringa klarte likevel å nå ut til forbrukarar i daglegvaremarknaden og heldt med det oppe voluma, til noko lågare pris. Resultatet er at sjømateksporten, målt i volum, auka i 2020 medan eksportverdien fall.

– Gjennom kjøp av varer og tenester legg sjømatnæringa grunnlag for sysselsetjing og verdiskaping i store delar av norsk næringsliv. Analysane våre viser at den totale verdiskapingseffekten i næringa var på 112 milliardar kroner, seier forskar Roy Robertsen, som er prosjektleiar for rapporten, i ei pressemelding.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken