Sjømateksporten stuper

KORONAKONSEKVENS: Koronakrisa fører til nedgang i norsk sjømateksport for første gong på knappe to år.

KORONAKONSEKVENS: Koronakrisa fører til nedgang i norsk sjømateksport for første gong på knappe to år.

For første gong på to år ser vi eit fall i eksporten av norsk sjømat.

DEL

Ferske tal frå Norsk Sjømatråd viser eit solid fall i eksporten av fisk og sjømat i april månad. Det er første gong sidan hausten 2018 at pilene peikar nedover, melder NRK Vestland.

Nedgangen i april var på åtte prosent samanlikna med i fjor. Det tilsvarer 666 millionar kroner. I april blei det eksportert 183.000 tonn norsk sjømat til ein verdi av 8,2 milliardar.

– Årsaka er sterk nedgang i etterspurnaden etter laks og kvitfisk som følge av koronakrisa. Stengde restaurantar og auka kostnader til flyfrakt påverkar sterkt, seier direktør for marknadsinnsikt i Norges sjømatråd, Tom-Jørgen Gangsø i ei pressemelding.

Likevel finst det lyspunkt. Blant anna har den spanske marknaden svinga seg opp og hatt ein auke på 35 prosent.


Artikkeltags