Gå til sidens hovedinnhold

Sjømateksporten auka vidare i oktober

Sjømateksporten frå Noreg utgjorde 11,2 milliardar kroner i oktober. Så langt i år ligg verdien 8,5 milliardar kroner over fjorårsnivået.

Hittil i år er det eksportert sjømat for 95,9 milliardar kroner, opplyser Noregs sjømatråd.

Verdien i oktober var 6 prosent høgare enn i same månad i fjor.

– Sjølv om koronapandemien ikkje er over, held eksportverdien av norsk sjømat fram med å auke. I eit historisk perspektiv eit det berre i rekordmånaden september i år at eksportverdien har vore høgare enn i oktober, seier administrerande direktør Renate Larsen i Noregs sjømatråd.

Fleire marknader

Sjømatrådet forklarer mellom anna verdiauken med at det no er fleire eksportmarknader. På ti år har talet på mottakarland auka frå 97 til 115.

– Denne trenden viser kor robust den norske sjømaten er som global handelsvare. Dette skjer sjølv om kronekursen har styrkt seg rundt 10 prosent mot euro og dollar. At eksportverdien likevel er så høg, stadfestar berre kor sterk etterspurnaden er for tida, seier Larsen.

Dei største marknadene er Polen, Danmark, Frankrike, Nederland og USA.

Vekst for laks og sild

Volumet i eksporten av laks gjekk ned med 1 prosent, medan verdien auka med 14 prosent. Laks utgjorde 66 prosent av eksportverdien i månaden.

For sild vart oktober målt etter verdien den beste månaden på ti år. Det vart eksportert nesten 50.000 tonn til ein verdi av 661 millionar kroner. Egypt, Tyskland og Polen var dei største marknadene.

– Auka kvote på norsk vårgytande sild og tidlegare oppstart av haustsesongen er viktige grunnar til at volumet i oktober er høgare enn i fjor og tidlegare år, seier Jan Eirik Johnsen, ansvarleg for pelagiske artar i Sjømatrådet.

Peikar mot nytt rekordår

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) trekkjer fram at regjeringa har eit mål om å auke eksporten utanom olje og gass med minst 50 prosent innan 2030. Sjømateksporten vil vere ein viktig bidragsytar, seier han.

– Dette peikar mot eit nytt rekordår. Regjeringa vil leggje til rette for vidare vekst for å skape fleire trygge heilårige arbeidsplassar i kystsamfunna, meir foredling, større verdiskaping og auka eksportinntekter, seier statsråden.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken