– Tenn eit lys for dei som enda livet sitt

Artikkelen er over 1 år gammel

Måndag 10. september vert Verdsdagen for sjølvmordsførebygging markert i Norge. – Ingen skal måtte døy for å bli fri smerta ved å leve, seier styreleiar i LEVE Sogn og Fjordane, Nils-Petter Hauge.

DEL

Landsforeningen for etterlatte ved selvmord, LEVE, oppfordrar alle til å tenne lys måndag. Då markerer LEVE Verdsdagen for sjølvmordsførebygging 2018 i Norge.

I Oslo vert 614 lys tent for dei 614 menneska som enda livet sitt i 2016, det høgst registrerte sjølvmordstalet på mange år her i landet.

– I Sogn og Fjordane oppfordrar vi alle til å tenne eit lys i heimen. Vi håpar flest mogleg vil tenne lys til støtte for dette viktige arbeidet; eit lys for dei som har mista og for dei som slit akkurat no, seier styreleiar i LEVE Sogn og Fjordane, Nils-Petter Hauge.

– Våg å be om hjelp

LEVE sitt hovudfokus under årets markering er at sjølvmord også skjer blant det vi til dagleg tenkjer på som friske menneske, med eit tilsynelatande godt, sosialt og velfungerande liv – med dei gleder og utfordringar som føl med.

– Nokre av desse ber på tunge tankar som står i motsetning til det alle andre ser og opplever. Derfor må vi alle stå saman for å arbeide mot eit trygt og ope samfunn der menneske som har sjølvmordstankar våger å be om hjelp. Skal vi nå målet, krev dette også sterkt politisk engasjement, seier Hauge.

Ein del av dei som tidlegare har forsøkt å ta livet sitt seier i ettertid at dei eigentleg ikkje ønska å døy. Men at dei ikkje orka å leve lenger grunna kjensle av utanforskap, verdiløyse, skam, smerte eller andre tilhøve.

– Det er ein sterk bodskap til samfunnet. Ingen skal måtte døy for å bli fri smerta ved å leve, seier Hauge. 

Kvart år er det om lag seks til ti personar som tek sitt eige liv i Sogn og Fjordane. I 2016 var det 614 menneske som tok sitt eige liv her i Norge, og kvart einaste år er det mellom 4.000 og 6.000 menneske som forsøker å ta livet sitt, opplyser LEVE.

Det er fleire som tar sitt eige liv enn som dør i trafikken her i landet.

Treng førebyggande kampanjar

Han meiner tida er overmoden for å styrke fokuset på sjølvmordsførebyggande/helsefremmande kampanjar. Ein må sette inn førebyggande tiltak med eit like heilskapleg og intensivt trykk likt det som til dømes har prega arbeidet med å redusere talet på trafikkulykker.

– Vi vonar flest mogleg vil tenne eit lys i heimen komande måndag til støtte for dette viktige arbeidet; Eit lys for dei som har mist og for dei som slit akkurat no. Eit lys som kan minne oss om å ta kontakt med nokon vi er urolege for. Eit lys som kan opne opp for at vi sjølve orkar å formidle vanskelege tankar vi ber på. Det finst hjelp til atter å finne livsmeining, seier fylkesleiaren i LEVE

Treng du hjelp?

Dersom du slit, formidle dette til nokon du stoler på snarast. Kontakt det offentlege hjelpeapparatet, eventuelt kontakt Kirkens SOS (2240 0040) eller Mental Helse (116 123).

LEVE

LEVE har ansvaret for markeringa av Verdsdagen for sjølvmordsforebygging i Norge 10. september. Mottoet for 2018 er Saman for forebygging av sjølvmord: Vis at du ser. Vis at du lyttar. Vis at du bryr deg. Sjå www.leve.no for nasjonale og lokale aktivitetar, annonser i lokalavisene samt LEVE Sogn og Fjordane si facebookside.

Artikkeltags