Nils Medaas, rådgivar i Nordhordland brann og redning.
Julie Sætre

Nils Medaas: – Det er ikkje ei einaste bru i området eg ikkje har rykka ut til

Rundt ein gong i månaden må brannvesenet rykke ut til stader der nokon anten har eller er i ferd med å hoppe frå ei bru i Nordhordland og omland.
Av
Publisert

Landet rundt: Avisa Nordhordland møter ein travel rådgivar for Nordhordland brann og redning på stasjonen på Alverflaten. Denne dagen verkar lik som alle andre, med stadige telefonar og små og store oppdrag som omtrent ventar i kø på å bli utført. Likevel tek den erfarne brannmannen, Nils Medaas, seg tida til å snakke med oss om det også han meiner er eit viktig tema:

– Eg har forstått at det kan vere meir skadeleg å ikkje snakke om sjølvmord, enn å faktisk vere open om det, seier han.

Har vore på alle bruer

Medaas kan ikkje telje kor mange oppdrag han har vore med på, der brannvesenet har måtte rykke ut til ein stad der anten nokon hadde tatt livet sitt, eller hadde tydelege planar om å gjere det.

– Det er alltid like tøft. Eg trur ikkje dette er noko ein blir så mykje betre på å takle, sånn eigentleg. Det gjer alltid vondt, både for oss og for pårørande, konstaterer han.

I løpet av Medaas si lange fartstid har han vore på alt ifrå Alversundbrua til Nordhordlandsbrua, for å prøve å stoppe potensielle hopparar. Dei to bruene i området han definitivt har vore på flest oppdrag på, er Hagelsund og Osterøy.

– Her i området er dessverre bruhopping ein ikkje uvanleg form å avslutte livet sitt på, for dei som har bestemt seg for det. Det er ikkje ei einaste bru i området eg ikkje har rykka ut til, seier han.

Opplever ofte død i jobben

Ein kan gjerne sjå for seg at typiske arbeidsoppgåver for brannvesenet inkluderer mellom anna sløkking av brann, bistand i bilulykker, samt andre tekniske oppgåver for å halde ved like sikkerheita i samfunnet. Noko som også er ei sanning, er at sjølvmordshendingar – anten dei klarar å redde personen eller ikkje, heller ikkje er uvanleg.

Dette gjeld også i Nordhordland. Folkehelseinstituttet reknar med at mellom 500 og 600 menneske tek sitt eige liv årleg, og frekvensen har samla sett gått noko ned sidan 1990. Landsdelen med færrast sjølvmord er Vestlandet, men likevel opplever Medaas og kollegaane hans desse situasjonane ikkje sjeldan.

– Om ein inkluderer Osterøy og andre omlandskommunar, der vi også somme gonger må assistere i desse situasjonane, rykker vi ut rundt ein gong i månaden, seier Medaas. Han seier at dei også deltek på leite- eller redningsaksjonar når dei anten veit eller mistenker at nokon har hoppa i sjøen.

Då tek dei i bruk båtane dei har tilgjengeleg, mellom anna brannbåten ved kaia i Isdalstø – få hundre meter frå Hagelsundbrua.

Saka held fram under bildet.

På kaien i Isdalstø har brannvesenet båten dei brukar i utrykkingar. Den ligg dermed plassert like ved Hagelsundbrua, som du kan sjå bak Medaas.

På kaien i Isdalstø har brannvesenet båten dei brukar i utrykkingar. Den ligg dermed plassert like ved Hagelsundbrua, som du kan sjå bak Medaas. Foto:

Han fortel at når beskjeden om den potensielle bruhopparen tikkar inn på alarmsystemet deira, er det full utrykking til staden. Eit stykke før dei kjem fram, tek dei av både sirener og blålys for ikkje å skape nokon forhasta avgjerder hos den som truar med å hoppe. På brua må første naudetat til staden prøve å kome i kontakt med personen, og startar straks med «forhandlinga». Denne praten med ein skjønnsam stemme frå naudetatane har nok redda mange, men det er likevel dei som vel å hoppe sjølv når hjelpa har kome fram.

– Det er ikkje alle ein klarar å redde, konstaterer Medaas.

– Vi opplever ofte død i jobben, og fleire av dødsfalla kjem dessverre av dei vi ikkje klarar å redde i akkurat desse situasjonane.


Brukar Hagelsundbrua som trussel

Ein annan person med lang profesjonell fartstid, som har ført til at han også har vore situasjonar for å stoppe folk frå å ta sine liv, er lensmann i Nordhordland, Kjell Idar Vangberg.

Utan at han ønsker å dele konkrete tal på registrerte sjølvmord eller forsøk i politiregionen, bekreftar han at politiet også ofte må rykke ut til desse hendingane.

I tillegg fryktar han høge mørketal der ein ikkje kan vete sikkert om eit dødfall fann stad men intensjon eller ikkje.

Saka held fram under bildet.

Foto:

– Ein må gjere visse vurderingar i desse situasjonane. Det er ikkje alle som er reelle, men det veit ein ikkje før ein har fått sjekka ut hendinga. Det er fleire som brukar mellom anna Hagelsundbrua som ein trussel, seier Vangberg.

– Vil det seie at det kan vere eit rop om hjelp?

– Ja, absolutt. Der er fleire gjengangarar vi treff på i desse situasjonane, som somme gonger ikkje verker å ha eigentlege planar om å ta sitt eige liv, men som heller truar med å hoppe - som eit rop om hjelp, svarar han.

I desse situasjonane skal kommunen sitt helseteam, i form av eksempelvis psykologtenesta, koplast inn for vidare hjelp og oppfølging.

Dette er «Dei etterlatne»

– Av og til kjenner vi dei

Noko av det både Vangberg og Medaas trekker fram som det tøffaste med jobben dei har, er å sjå dei etterlatne. Familiane, vennane og andre pårørande som sto hjelpelaus på sida og ikkje kunne gjere noko for den som hoppa.

– Nokre gonger er det rimeleg tøft å ha denne jobben. Vi får oppleve mykje ein helst skulle ha vore forutan, seier brannmannen.

I tillegg peikar han på at å vere brannmann i ein region på storleiken til Nordhordland, ofte kan skape relasjonar til anten eit offer eller pårørande som har vore involvert i ein situasjon der dei må rykke ut.

– Av og til kjenner vi dei involverte veldig godt, eller så veit vi gjerne kven dei er. Det gjer ikkje jobben noko enklare, påpeikar Medaas.

Saka held fram under bildet.

Skiltet som fortel at klatring, hopping og stuping frå brua ikkje er lovleg, har ikkje fått stå i fred i åras løp.

Skiltet som fortel at klatring, hopping og stuping frå brua ikkje er lovleg, har ikkje fått stå i fred i åras løp. Foto:

Dette gjer det kanskje endå viktigare med defusing og debrief for mellom anna dei lokale brannbetjentane, noko dei gjer med ein gong dei kjenner det er naudsynt etter ei traumatisk hending. Defusinga skjer like etter hendinga, og der skal ein gå gjennom det tekniske arbeidet brannvesenet har gjennomført, i tillegg til kva ein kan forbetre. Debrifinga er delen der ein heller kan snakke om inntrykk, tankar og kjensler om det ein har opplevd.

– Vi har gode kollegastøtteordningar, slik at det som regel går ganske greitt. Likevel er det situasjonar som gjer det vanskeleg å la jobb vere jobb, og dermed ikkje tenkje så mykje på det ein har vore vitne til i løpet av arbeidsdagen – spesielt om nokon ein veit kven er, er involvert, seier Medaas.

Bastant forklarar han vidare at han meiner det beste ein kan gjere om ein har mistanke om at ein kollega kan vere suicidal, er å snakke med vedkommande om mistanken.

– Spør dei direkte: har du planar om å ta livet ditt?, seier Medaas overtydd om at berre dei færraste klarar å snakke usant i ein slik situasjon. Får ein eit ja, meiner han vidare at kyndig helsepersonell skal inkluderast i saka.

– Ikkje tru at sjølvmord er ei løysing

Noko av det Medaas ønsker å formidle vidare til så mange som mogleg, handlar om nestekjærleiken.

– Bry deg dersom du ser eller mistenker at nokon slit. Ta deg tida til det. Og har du det vondt – ikkje nøl med å ta ein telefon til nokon, og gjerne kyndig helsepersonell, seier han.

– Eg trur at nokon kan kjenne meir på eit farleg press enn andre, som eg igjen trur er eit resultat av samfunnet vi lever i. Det er dessverre mange som ikkje kjenner seg bra nok slik dei er, men ikkje tru at sjølvmord er ei løysing på problema dine, seier brannmannen.

Treng du, eller kjenner du nokon som treng hjelp?

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken