Det vil dei sannsynlegvis vere ei god stund til, og Fremtind anbefalar difor alle å vente med å bestille ferietur til utlandet.

Utanriksdepartementets (UD) globale reiseråd gjeld for alle land utanfor Norge, og gjeld per i dag til 15. januar 2021.

– Norske myndigheiter vil ikkje at nordmenn skal dra på reiser som ikkje er strengt nødvendige, og vi rår alle våre kundar frå å reise til raude land, om det ikkje er strengt nødvendig. Både på grunn av smittefaren, men også fordi det kan bli svært krevjande å få hjelp, spesielt medisinsk, om noko skulle skje på reisa, seier skadeforebyggar Therese Nielsen i Fremtind, forsikringsselskapet til SpareBank 1 og DNB.

UD har gjort nokre unnatak for desse reiseråda i EØS/Schengen-området. Unnatakene er delt inn i «gule» og «raude» land, der Folkehelseinstituttet (FHI) bestemmer kva land som har kva farge.

Her finn du oversikten med kart frå FHI.

Mange opplever stor reiselyst, men Fremtind minnar om at reiseforsikringa ikkje gjeld i raude land.

– Om du bestiller utanlandstur til neste års sommarferie medan landet er raudt, får du heller ikkje dekka avbestilling, strekar Nielsen under.

Men kva er eigentleg ei "strengt nødvendig reise"?

Dersom du studerer i utlandet og det får store konsekvensar at du ikkje møter opp fysisk - ved at du mistar viktig pensum eller førelesningar, så kan reisa di vere strengt nødvendig. I tillegg er også livsnødvendige eller livsforlengande medisinske behandlingar som gjer at du må opphalde deg i utlandet, definert som strengt nødvendige.

Dersom du allereie har booka ei reise fram i tid, anbefalar selskapet at du ventar så lenge som mogleg med å avbestille. ÅRsaka er at reiseråda til myndigheitene gjeld i 14 dagar av gangen.

– Du må vente til det er 14 dagar eller mindre igjen til avreise før du avbestiller reisa, og deretter kan du melde skade til oss.

Det ein føresetnad at landet er raudt når du avbestiller reisa for at du skal få dekka avbestillingt på reiseforsikringa.